previous next

1. Korintar 10

Israel i øydemarka, ei åtvaring for oss

1  t Eg vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 t og dei åt alle den same åndelege maten 4 t og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus. 5 t Likevel hadde Gud inga glede i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka. 6 t Desse hendingane er åtvarande eksempel for oss. Dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, slik som dei hadde. 7 t Ver ikkje avgudsdyrkarar slik nokre av dei var, som det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa. 8 t Lat oss heller ikkje driva hor, slik nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag. 9 t Heller ikkje må vi setja Kristus på prøve, slik nokre av dei gjorde og vart drepne av ormane. 10 t Og de må ikkje vera misnøgde og murra, slik nokre av dei murra og vart drepne av øydeleggjaren. 11 t Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne. 12 t Difor må den som trur at han står, passa på at han ikkje fell.

13 t De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.
14  t Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga! 15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! 16 tt Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? 17 t Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet. 18 t Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? 19 t Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko? 20 t Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder. 21 t De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.

22 t Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han?

Samvit og fridom


23  t Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp. 24 t Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre. 25 Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt. 26 t For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til. 27 Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er. 28 t Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld. 29 Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømmast av samvitet til ein annan? 30 t Om eg tek imot dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for? 31 t Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære! 32 Lat korkje jøde eller grekar eller Guds kyrkje få noko å støyta seg på! 33 t Eg prøver sjølv å vera alle til lags på alle vis. Eg søkjer ikkje mitt eige beste, men det som er best for andre, så dei kan bli frelste.

1 CORINTHIANS 10

Don't Worship Idols

1  t Friends, I want to remind you that all our ancestors walked under the cloud and went through the sea. 2 This was like being baptized and becoming followers of Moses. 3 t All of them also ate the same spiritual food 4 t and drank the same spiritual drink, which flowed from the spiritual rock that followed them. That rock was Christ.

5 t But most of them did not please God. So they died, and their bodies were scattered all over the desert.
6 What happened to them is a warning to keep us from wanting to do the same evil things. 7 t They worshiped idols, just as the Scriptures say, “The people sat down to eat and drink. Then they got up to dance around.” So don't worship idols. 8 t Some of those people did shameful things, and in a single day about 23,000 died. Don't do shameful things as they did. 9 t And don't try to test Christ, t as some of them did and were later bitten by poisonous snakes. 10 t Don't even grumble, as some of them did and were killed by the destroying angel.

11 These things happened to them as a warning to us. All this was written in the Scriptures to teach us who live in these last days.
12 Even if you think you can stand up to temptation, be careful not to fall.

13 t You are tempted in the same way that everyone else is tempted. But God can be trusted not to let you be tempted too much, and he will show you how to escape from your temptations.
14 My friends, you must keep away from idols. 15 I am speaking to you as people who have enough sense to know what I am talking about. 16 t When we drink from the cup we ask God to bless, isn't that sharing in the blood of Christ? When we eat the bread we break, isn't that sharing in the body of Christ?

17 By sharing in the same loaf of bread, we become one body, even though there are many of us.
18  t t Aren't the people of Israel sharing in the worship when they gather around the altar and eat the sacrifices offered there? 19 Am I saying that either the idols or the food sacrificed to them is anything at all? 20 t No, I am not! This food is really sacrificed to demons and not to God. I don't want you to have anything to do with demons. 21 You cannot drink from the cup of demons and still drink from the Lord's cup. You cannot eat at the table of demons and still eat at the Lord's table.

22 t We would make the Lord jealous if we did this. And we are not stronger than the Lord.

Always Honor God


23  t Some of you say, “We can do whatever we want to!” But I tell you not everything may be good or helpful. 24 We should think about others and not about ourselves. 25 However, when you buy meat in the market, go ahead and eat it. Keep your conscience clear by not asking where the meat came from.

26 t The Scriptures say, “The earth and everything in it belong to the Lord.”
27 If an unbeliever invites you to dinner, and you want to go, then go. Eat whatever you are served. Don't cause a problem for someone's conscience by asking where the food came from. 28-29 But if you are told it has been sacrificed to idols, don't cause a problem by eating it. I don't mean a problem for yourself, but for the one who told you. Why should my freedom be limited by someone else's conscience?

30 If I give thanks for what I eat, why should anyone accuse me of doing wrong?
31 When you eat or drink or do anything else, always do it to honor God. 32 Don't cause problems for Jews or Greeks or anyone else who belongs to God's church. 33 I always try to please others instead of myself, in the hope that many of them will be saved.