previous next

1. Korintar 12

Nådegåvene

1 Når det gjeld Andens gåver, sysken, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap. 2 t De veit at då de var heidningar, vart de viljelaust dregne med til dei stumme avgudane.

3 t Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna vere Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den heilage ande.
4  t Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. 5 Tenestene er ulike, men Herren er den same. 6 Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle. 7 t Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode. 8 For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden. 9 Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden. 10 t Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene.

11 t Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.
12  t For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. 13 t For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange. 15 Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer han like fullt med til kroppen. 16 Og om øyret ville seia: «Fordi eg ikkje er auge, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer det like fullt med til kroppen. 17 Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? 18 Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det. 19 Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen? 20 Men no er det mange lemer, men berre éin kropp. 21 Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». 22 Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan. 23 Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg; 24 dei andre lemene treng det ikkje. Men Gud har sett kroppen saman slik at det som manglar ære, heller får større ære, 25 så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre.

26 t For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.
27  t Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han. 28 t I kyrkja har Gud for det første sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, deretter gåva å gjera mektige gjerningar, deretter nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å leia og til å tala i ulike tunger. 29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar? 30 Har alle nådegåver til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungene?

31 Men ver ivrige etter å få dei største nådegåvene!

Kjærleiken


Og endå vil eg visa dykk ein betre veg:

1 CORINTHIANS 12

Spiritual Gifts

1 My friends, you asked me about spiritual gifts. 2 I want you to remember that before you became followers of the Lord, you were led in all the wrong ways by idols that cannot even talk.

3 Now I want you to know that if you are led by God's Spirit, you will say that Jesus is Lord, and you will never curse Jesus.
4  t There are different kinds of spiritual gifts, but they all come from the same Spirit. 5 There are different ways to serve the same Lord,

6 and we can each do different things. Yet the same God works in all of us and helps us in everything we do.
7 The Spirit has given each of us a special way of serving others. 8 Some of us can speak with wisdom, while others can speak with knowledge, but these gifts come from the same Spirit. 9 To others the Spirit has given great faith or the power to heal the sick 10 or the power to work mighty miracles. Some of us are prophets, and some of us recognize when God's Spirit is present.t Others can speak different kinds of languages, and still others can tell what these languages mean.

11 But it is the Spirit who does all this and decides which gifts to give to each of us.

One Body with Many Parts


12  t The body of Christ has many different parts, just as any other body does.

13 Some of us are Jews, and others are Gentiles. Some of us are slaves, and others are free. But God's Spirit baptized each of us and made us part of the body of Christ. Now we each drink from that same Spirit.t
14 Our bodies don't have just one part. They have many parts. 15 Suppose a foot says, “I'm not a hand, and so I'm not part of the body.” Wouldn't the foot still belong to the body? 16 Or suppose an ear says, “I'm not an eye, and so I'm not part of the body.” Wouldn't the ear still belong to the body? 17 If our bodies were only an eye, we couldn't hear a thing. And if they were only an ear, we couldn't smell a thing.

18 But God has put all parts of our body together in the way that he decided is best.
19 A body isn't really a body, unless there is more than one part. 20 It takes many parts to make a single body. 21 That's why the eyes cannot say they don't need the hands. That's also why the head cannot say it doesn't need the feet. 22 In fact, we cannot get along without the parts of the body that seem to be the weakest. 23 We take special care to dress up some parts of our bodies. We are modest about our personal parts,

24 but we don't have to be modest about other parts.
God put our bodies together in such a way that even the parts that seem the least important are valuable.
25 He did this to make all parts of the body work together smoothly, with each part caring about the others.

26 If one part of our body hurts, we hurt all over. If one part of our body is honored, the whole body will be happy.
27 Together you are the body of Christ. Each one of you is part of his body. 28 t First, God chose some people to be apostles and prophets and teachers for the church. But he also chose some to work miracles or heal the sick or help others or be leaders or speak different kinds of languages. 29 Not everyone is an apostle. Not everyone is a prophet. Not everyone is a teacher. Not everyone can work miracles. 30 Not everyone can heal the sick. Not everyone can speak different kinds of languages. Not everyone can tell what these languages mean. 31 I want you to desire the best gifts.t So I will show you a much better way.