1. Korintar 14
Rettleiing om gudstenesta
1 t Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga. 5 t Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd. 6 Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7 På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela?
8 Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?
9 Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta. 10 Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg. 12 På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det. 15 t Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden. 16 t For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.
19 Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.
20 t Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne.
21 t Det står skrive i lova:
Gjennom folk med andre tungemål
og med andre språk på leppene
skal eg tala til dette folket,
men endå vil dei ikkje høyra på meg,
seier Herren.
22 Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande. 23 t Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24 t Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle.
25 t Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!
26 t Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 t Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt. 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot. 32 Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.
33 t For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.
Liksom i alle forsamlingar av dei heilage 34 t skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier. 35 Men er det noko dei vil læra, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i forsamlinga. 36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? Er det berre til dykk ordet er kome? 37 t Om nokon meiner seg å vera profet eller ha åndsgåver, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.
38 t Den som ikkje godtek dette, blir sjølv ikkje godteken.
39 t Difor, sysken: Ver ivrige etter å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. 40 t Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!
1 CORINTHIANS 14
Speaking Unknown Languages //and Prophesying
1 Love should be your guide. Be eager to have the gifts that come from the Holy Spirit, especially the gift of prophecy. 2 If you speak languages that others don't know, God will understand what you are saying, though no one else will know what you mean. You will be talking about mysteries that only the Spirit understands.
3 But when you prophesy, you will be understood, and others will be helped. They will be encouraged and made to feel better.
4 By speaking languages that others don't know, you help only yourself. But by prophesying you help everyone in the church.
5 I am glad for you to speak unknown languages, although I prefer that you would prophesy. In fact, prophesying does much more good than speaking unknown languages, unless someone can help the church by explaining what you mean.
6 My friends, what good would it do, if I came and spoke unknown languages to you and didn't explain what I meant? How would I help you, unless I told you what God had shown me or gave you some knowledge or prophecy or teaching? 7 If all musical instruments sounded alike, how would you know the difference between a flute and a harp?
8 If a bugle call isn't clear, how would you know to get ready for battle?
9 This is how it is when you speak unknown languages. If no one can understand what you are talking about, you will only be talking to the wind. 10 There are many different languages in this world, and all of them make sense. 11 But if I don't understand the language that someone is using, we will be like foreigners to each other.
12 If you really want spiritual gifts, choose the ones that will be most helpful to the church.
13 When we speak languages that others don't know, we should pray for the power to explain what we mean. 14 For example, if I use an unknown language in my prayers, my spirit prays but my mind is useless.
15 Then what should I do? There are times when I should pray with my spirit, and times when I should pray with my mind. Sometimes I should sing with my spirit, and at other times I should sing with my mind.
16 Suppose some strangers are in your worship service, when you are praising God with your spirit. If they don't understand you, how will they know to say, “Amen”? 17 You may be worshiping God in a wonderful way, but no one else will be helped. 18 I thank God that I speak unknown languages more than any of you.
19 But words that make sense can help the church. This is why in church I would rather speak five words that make sense than to speak 10,000 words in a language that others don't know.
20 My friends, stop thinking like children. Think like mature people and be as innocent as tiny babies.
21 t In the Scriptures the Lord says,
“I will use strangers
who speak unknown languages
to talk to my people.
They will speak to them
in foreign languages,
but still my people
won't listen to me.”
22 Languages others don't know may mean something to unbelievers, but not to the Lord's followers. Prophecy, on the other hand, is for followers, not for unbelievers. 23 Suppose everyone in your worship service started speaking unknown languages, and some outsiders or some unbelievers come in. Won't they think you are crazy? 24 But suppose all of you are prophesying when those unbelievers and outsiders come in. They will realize that they are sinners, and they will want to change their ways because of what you are saying.
25 They will tell what is hidden in their hearts. Then they will kneel down and say to God, “We are certain that you are with these people.”Worship Must Be Orderly
26 My friends, when you meet to worship, you must do everything for the good of everyone there. That's how it should be when someone sings or teaches or tells what God has said or speaks an unknown language or explains what the language means. 27 No more than two or three of you should speak unknown languages during the meeting. You must take turns, and someone should always be there to explain what you mean.
28 If no one can explain, you must keep silent in church and speak only to yourself and to God.
29 Two or three persons may prophesy, and everyone else must listen carefully. 30 If someone sitting there receives a message from God, the speaker must stop and let the other person speak. 31 Let only one person speak at a time, then all of you will learn something and be encouraged. 32 A prophet should be willing to stop and let someone else speak.
33 God wants everything to be done peacefully and in order.
When God's people meet in church, 34 the women must not be allowed to speak. They must keep quiet and listen, as the Law of Moses teaches.
35 If there is something they want to know, they can ask their husbands when they get home. It is disgraceful for women to speak in church.
36 God's message did not start with you people, and you are not the only ones it has reached.
37 If you think of yourself as a prophet or a spiritual person, you will know I am writing only what the Lord has commanded. 38 So don't pay attention to anyone who ignores what I am writing. 39 My friends, be eager to prophesy and don't stop anyone from speaking languages that others don't know. 40 But do everything properly and in order.