previous next

1. Korintar 14

Rettleiing om gudstenesta

1 Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. t 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. t 6 Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7 Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela?

8 Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?
9 Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret. 10 Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. 12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. t 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne. t

21 Det står skrive i lova:t
Gjennom folk med anna språk
og med framandt tungemål
skal eg tala til dette folket;
men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg,
seier Herren.
22 Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande. 23 Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? t 24 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. t

25 Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»t
26 Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! t 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt. t 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning. 32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei. 33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar t 34 skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier. t 35 Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden. 36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome? 37 Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. t

38 Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken.
39 Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. t 40 Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!t

1 CORINTHIANS 14

Speaking Unknown Languages //and Prophesying

1 Love should be your guide. Be eager to have the gifts that come from the Holy Spirit, especially the gift of prophecy. 2 If you speak languages that others don't know, God will understand what you are saying, though no one else will know what you mean. You will be talking about mysteries that only the Spirit understands.

3 But when you prophesy, you will be understood, and others will be helped. They will be encouraged and made to feel better.
4 By speaking languages that others don't know, you help only yourself. But by prophesying you help everyone in the church.

5 I am glad for you to speak unknown languages, although I prefer that you would prophesy. In fact, prophesying does much more good than speaking unknown languages, unless someone can help the church by explaining what you mean.
6 My friends, what good would it do, if I came and spoke unknown languages to you and didn't explain what I meant? How would I help you, unless I told you what God had shown me or gave you some knowledge or prophecy or teaching? 7 If all musical instruments sounded alike, how would you know the difference between a flute and a harp?

8 If a bugle call isn't clear, how would you know to get ready for battle?
9 This is how it is when you speak unknown languages. If no one can understand what you are talking about, you will only be talking to the wind. 10 There are many different languages in this world, and all of them make sense. 11 But if I don't understand the language that someone is using, we will be like foreigners to each other.

12 If you really want spiritual gifts, choose the ones that will be most helpful to the church.
13 When we speak languages that others don't know, we should pray for the power to explain what we mean. 14 For example, if I use an unknown language in my prayers, my spirit prays but my mind is useless.

15 Then what should I do? There are times when I should pray with my spirit, and times when I should pray with my mind. Sometimes I should sing with my spirit, and at other times I should sing with my mind.
16 Suppose some strangers are in your worship service, when you are praising God with your spirit. If they don't understand you, how will they know to say, “Amen”? 17 You may be worshiping God in a wonderful way, but no one else will be helped. 18 I thank God that I speak unknown languages more than any of you.

19 But words that make sense can help the church. This is why in church I would rather speak five words that make sense than to speak 10,000 words in a language that others don't know.
20 My friends, stop thinking like children. Think like mature people and be as innocent as tiny babies.

21 t In the Scriptures the Lord says,
“I will use strangers
who speak unknown languages
to talk to my people.
They will speak to them
in foreign languages,
but still my people
won't listen to me.”
22 Languages others don't know may mean something to unbelievers, but not to the Lord's followers. Prophecy, on the other hand, is for followers, not for unbelievers. 23 Suppose everyone in your worship service started speaking unknown languages, and some outsiders or some unbelievers come in. Won't they think you are crazy? 24 But suppose all of you are prophesying when those unbelievers and outsiders come in. They will realize that they are sinners, and they will want to change their ways because of what you are saying.

25 They will tell what is hidden in their hearts. Then they will kneel down and say to God, “We are certain that you are with these people.”

Worship Must Be Orderly


26 My friends, when you meet to worship, you must do everything for the good of everyone there. That's how it should be when someone sings or teaches or tells what God has said or speaks an unknown language or explains what the language means. 27 No more than two or three of you should speak unknown languages during the meeting. You must take turns, and someone should always be there to explain what you mean.

28 If no one can explain, you must keep silent in church and speak only to yourself and to God.
29 Two or three persons may prophesy, and everyone else must listen carefully. 30 If someone sitting there receives a message from God, the speaker must stop and let the other person speak. 31 Let only one person speak at a time, then all of you will learn something and be encouraged. 32 A prophet should be willing to stop and let someone else speak.

33 God wants everything to be done peacefully and in order.
When God's people meet in church,
34 the women must not be allowed to speak. They must keep quiet and listen, as the Law of Moses teaches.

35 If there is something they want to know, they can ask their husbands when they get home. It is disgraceful for women to speak in church.

36 God's message did not start with you people, and you are not the only ones it has reached.
37 If you think of yourself as a prophet or a spiritual person, you will know I am writing only what the Lord has commanded. 38 So don't pay attention to anyone who ignores what I am writing. 39 My friends, be eager to prophesy and don't stop anyone from speaking languages that others don't know. 40 But do everything properly and in order.