1. Korintar 4
Apostlane og tenesta
1 t Så skal de sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium. 2 t Og av forvaltarar krevst det at dei viser truskap. 3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg blir dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol. Ja, eg dømmer ikkje meg sjølv eingong, 4 for eg veit ikkje om at eg har gjort noko gale. Men eg er ikkje dermed frikjend, for Herren er den som dømmer meg.
5 t Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal få fram i lyset det som er løynt i mørkret, og visa kva menneska ber i hjartet, og då skal kvar og ein få sin ros av Gud.
6 t Her har eg brukt meg sjølv og Apollos som døme for dykk, sysken. Av oss skal de læra å «ikkje gå ut over det som står skrive», så ingen blæs seg opp og held med den eine framfor den andre. 7 t Kven har sett deg høgare enn andre? Kva anna har du enn det du har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det i gåve? 8 t Men de er alt mette! De har alt vorte rike, ja, de har vorte kongar, men utan oss! Ja, hadde de endå vorte kongar, så kunne vi styra saman med dykk! 9 tt Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske. 10 t Vi er dårar for Kristi skuld, de er dei kloke i Kristus. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam. 11 t Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring 12 t og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.
13 t Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.
14 t Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette. 15 t For om de har tusen lærarar i Kristus, har de ikkje mange fedrar. Og det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet. 16 t Så legg eg dykk dette på hjartet: De må likna meg! 17 t Difor sender eg Timoteus til dykk, mitt kjære og trufaste barn i Herren. Han skal minna dykk på mine vegar i Kristus Jesus, slik eg lærer overalt i alle forsamlingar. 18 Nokre hos dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem til dykk igjen. 19 t Men eg kjem snart, om Herren vil, og då får eg verkeleg kjenna, ikkje orda, men krafta til desse oppblåsne folka. 20 t For Guds rike er ikkje ord, men kraft. 21 t Kva vil de? Skal eg koma til dykk med pisken eller med kjærleik og ei mild ånd?
1 CORINTHIANS 4
The Work of the Apostles
1 Think of us as servants of Christ who have been given the work of explaining God's mysterious ways. 2 And since our first duty is to be faithful to the one we work for, 3 it doesn't matter to me if I am judged by you or even by a court of law. In fact, I don't judge myself. 4 I don't know of anything against me, but this doesn't prove I am right. The Lord is my judge.
5 So don't judge anyone until the Lord returns. He will show what is hidden in the dark and what is in everyone's heart. Then God will be the one who praises each of us.
6 Friends, I have used Apollos and myself as examples to teach you the meaning of the saying, “Follow the rules.” I want you to stop saying one of us is better than the other. 7 What is so special about you? What do you have that you were not given? And if it was given to you, how can you brag?
8 Are you already satisfied? Are you now rich? Have you become kings while we are still nobodies? I wish you were kings. Then we could have a share in your kingdom.
9 It seems to me that God has put us apostles in the worst possible place. We are like prisoners on their way to death. Angels and the people of this world just laugh at us. 10 Because of Christ we are thought of as fools, but Christ has made you wise. We are weak and hated, but you are powerful and respected. 11 Even today we go hungry and thirsty and don't have anything to wear except rags. We are mistreated and don't have a place to live. 12 t We work hard with our own hands, and when people abuse us, we wish them well. When we suffer, we are patient.
13 When someone curses us, we answer with kind words. Until now we are thought of as nothing more than the trash and garbage of this world.
14 I am not writing to embarrass you. I want to help you, just as parents help their own dear children. 15 Ten thousand people may teach you about Christ, but I am your only father. You became my children when I told you about Christ Jesus, 16 t and I want you to be like me.
17 This is why I sent Timothy to you. I love him like a son, and he is a faithful servant of the Lord. Timothy will tell you what I do to follow Christ and how it agrees with what I always teach about Christ in every church.
18 Some of you think I am not coming for a visit, and so you are bragging. 19 But if the Lord lets me come, I will soon be there. Then I will find out if the ones who are doing all this bragging really have any power. 20 God's kingdom isn't just a lot of words. It is power. 21 What do you want me to do when I arrive? Do you want me to be hard on you or to be kind and gentle?