previous next

1. Korintar 4

Tenesta til apostlane

1 Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar. t 2 Og av hushaldarar krevst det at dei er true. t 3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg vert dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol i det heile. Ja, eg dømer ikkje meg sjølv eingong. 4 Rett nok veit eg ikkje av å ha gjort nokon urett; men dermed er eg ikkje frikjend. Herren er den som dømer meg.

5 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal føra fram i ljoset det som er løynt i mørkret, og avsløra det menneska ber i hjarta. Då skal kvar og ein få si ros av Gud.t
6 No, brør, har eg bruka meg sjølv og Apollos til døme for dykkar skuld. For eg vil de skal læra av oss at de ikkje må gå ut over det som er skrive, så ingen skal blåsa seg opp og ta parti for den eine mot den andre. 7 Kven seier at du står over andre? Kva har du som du ikkje har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det? t 8 Men de er alt mette. De har alt vorte rike, ja, de har alt vorte kongar. Vi er det ikkje. Eg skulle ynskja at de alt var kongar, så vi kunne styra saman med dykk! t 9 For eg tykkjer at Gud har gjeve oss apostlar den ringaste plassen. Vi har vorte som dødsdømde, vi har vorte eit skodespel for verda, både for englar og for menneske. t t 10 Vi er dårar for Kristi skuld. De er dei kloke kristne. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam. t 11 Til denne dag har vi mått tola både svolt og torste; vi vantar klede, vert slegne, dreg heimlause ikring frå stad til stad, 12 og vi strevar for å livberga oss med det vi gjer med våre hender. Vi velsignar når vi vert utskjelte; vi held ut når vi vert forfylgde, t

13 og vi svarar venleg når nokon spottar oss. Vi har vorte som utskot i verda, som verdlaust skrap for alle – til denne dag.t
14 Eg skriv ikkje dette for å føra skam over dykk, men eg vil visa dykk til rettes sidan de er mine kjære born. t 15 For om de som kristne har tusen lærarar, har de ikkje mange fedrar. Det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet. t 16 Så legg eg dykk på hjarta: Ta meg til førebilete! t 17 Og difor var det eg sende Timoteus til dykk, den kjære og trufaste son min i trua på Herren; han skal minna dykk om mine vegar i Kristus Jesus, såleis som eg lærer alle stader i kvar kyrkjelyd. t 18 Nokre av dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem att. 19 Men eg kjem snart, om Herren vil. Då får eg læra å kjenna, ikkje orda, men krafta hjå desse oppblåsne folka. t 20 For Guds rike er ikkje ord, men kraft. t 21 Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og ein mild hug?t

1 CORINTHIANS 4

The Work of the Apostles

1 Think of us as servants of Christ who have been given the work of explaining God's mysterious ways. 2 And since our first duty is to be faithful to the one we work for, 3 it doesn't matter to me if I am judged by you or even by a court of law. In fact, I don't judge myself. 4 I don't know of anything against me, but this doesn't prove I am right. The Lord is my judge.

5 So don't judge anyone until the Lord returns. He will show what is hidden in the dark and what is in everyone's heart. Then God will be the one who praises each of us.
6 Friends, I have used Apollos and myself as examples to teach you the meaning of the saying, “Follow the rules.” I want you to stop saying one of us is better than the other. 7 What is so special about you? What do you have that you were not given? And if it was given to you, how can you brag?

8 Are you already satisfied? Are you now rich? Have you become kings while we are still nobodies? I wish you were kings. Then we could have a share in your kingdom.
9 It seems to me that God has put us apostles in the worst possible place. We are like prisoners on their way to death. Angels and the people of this world just laugh at us. 10 Because of Christ we are thought of as fools, but Christ has made you wise. We are weak and hated, but you are powerful and respected. 11 Even today we go hungry and thirsty and don't have anything to wear except rags. We are mistreated and don't have a place to live. 12 t We work hard with our own hands, and when people abuse us, we wish them well. When we suffer, we are patient.

13 When someone curses us, we answer with kind words. Until now we are thought of as nothing more than the trash and garbage of this world.
14 I am not writing to embarrass you. I want to help you, just as parents help their own dear children. 15 Ten thousand people may teach you about Christ, but I am your only father. You became my children when I told you about Christ Jesus, 16 t and I want you to be like me.

17 This is why I sent Timothy to you. I love him like a son, and he is a faithful servant of the Lord. Timothy will tell you what I do to follow Christ and how it agrees with what I always teach about Christ in every church.
18 Some of you think I am not coming for a visit, and so you are bragging. 19 But if the Lord lets me come, I will soon be there. Then I will find out if the ones who are doing all this bragging really have any power. 20 God's kingdom isn't just a lot of words. It is power. 21 What do you want me to do when I arrive? Do you want me to be hard on you or to be kind and gentle?