previous next

1. Korintar 8

Kristen fridom og omsynet til dei veike

1  t Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp. 2 t Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det. 3 t Men den som elskar Gud, er kjend av han. 4 tt Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin.

5 Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.

6  t Men for oss er det éin Gud, vår Far.
Alt vart til av han, og til han er vi skapte.
Og det er éin Herre, Jesus Kristus.
Alt er til ved han, og ved han lever vi.
7  t t Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt. 8 t Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et. 9 t Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall! 10 t For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt? 11 t Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for. 12 Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv. 13 t Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall.

1 CORINTHIANS 8

Food Offered to Idols

1 In your letter you asked me about food offered to idols. All of us know something about this subject. But knowledge makes us proud of ourselves, while love makes us helpful to others. 2 In fact, people who think they know so much don't know anything at all.

3 But God has no doubts about who loves him.
4 Even though food is offered to idols, we know that none of the idols in this world are alive. After all, there is only one God. 5 Many things in heaven and on earth are called gods and lords, but none of them really are gods or lords.

6 We have only one God, and he is the Father. He created everything, and we live for him. Jesus Christ is our only Lord. Everything was made by him, and by him life was given to us.
7 Not everyone knows these things. In fact, many people have grown up with the belief that idols have life in them. So when they eat meat offered to idols, they are bothered by a weak conscience.

8 But food doesn't bring us any closer to God. We are no worse off if we don't eat, and we are no better off if we do.
9 Don't cause problems for someone with a weak conscience, just because you have the right to eat anything. 10 You know all this, and so it doesn't bother you to eat in the temple of an idol. But suppose a person with a weak conscience sees you and decides to eat food that has been offered to idols. 11 Then what you know has destroyed someone Christ died for. 12 When you sin by hurting a follower with a weak conscience, you sin against Christ. 13 So if I hurt one of the Lord's followers by what I eat, I will never eat meat as long as I live.