previous next

1. Johannes 3

1 Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han. t 2 De kjære, no er vi Guds born; og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er. t

3 Kvar den som har denne vona til han, reinsar seg, liksom Kristus er rein.t

Kven er Guds born?


4 Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot. 5 Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd. t

6 Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.t
7 Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig. t 8 Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. t 9 Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud. t

10 Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud.t
11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. t

12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.t
13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. t 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. t 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. t

16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. t

17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?t

Frimod for Gud


18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! 19 På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. 20 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. t 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. t 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. t 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.t

1 JOHN 3

1  t Think how much the Father loves us. He loves us so much that he lets us be called his children, as we truly are. But since the people of this world did not know who Christt is, they don't know who we are. 2 My dear friends, we are already God's children, though what we will be hasn't yet been seen. But we do know when Christ returns, we will be like him, because we will see him as he truly is.

3 This hope makes us keep ourselves holy, just as Christt is holy.
4 Everyone who sins breaks God's law, because sin is the same as breaking God's law. 5 t You know Christ came to take away our sins. He isn't sinful,

6 and people who stay one in their hearts with him won't keep on sinning. If they do keep on sinning, they don't know Christ, and they have never seen him.
7 Children, don't be fooled. Anyone who does right is good, just like Christ himself. 8 Anyone who keeps on sinning belongs to the devil. He has sinned from the beginning, but the Son of God came to destroy all that he has done. 9 God's children cannot keep on being sinful. His life-giving powert lives in them and makes them his children, so they cannot keep on sinning.

10 You can tell God's children from the devil's children, because those who belong to the devil refuse to do right or to love each other.

Love Each Other


11  t From the beginning you were told we must love each other. 12 t Don't be like Cain, who belonged to the devil and murdered his own brother. Why did he murder him? He did it because his brother was good, and he was evil. 13 My friends, don't be surprised if the people of this world hate you.

14 t Our love for each other proves we have gone from death to life. But if you don't love each other, you are still under the power of death.
15 If you hate each other, you are murderers, and we know murderers do not have eternal life. 16 We know what love is because Jesus gave his life for us. This is why we must give our lives for each other. 17 If we have all we need and see one of our own people in need, we must have pity on that person, or else we cannot say we love God.

18 Children, you show love for others by truly helping them, and not merely by talking about it.
19 When we love others, we know we belong to the truth, and we feel at ease in the presence of God. 20 But even if we don't feel at ease, God is greater than our feelings, and he knows everything. 21 Dear friends, if we feel at ease in the presence of God, we will have the courage to come near him. 22 He will give us whatever we ask, because we obey him and do what pleases him. 23 t God wants us to have faith in his Son Jesus Christ and to love each other. This is also what Jesus taught us to do. 24 If we obey God's commandments, we will stay one in our hearts with him, and he will stay one with us. The Spirit he has given us is proof that we are one with him.