1. Johannes 5
Sigrande tru
1 t Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar han som har fødd oss, elskar òg det som er fødd av han. 2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: at vi elskar Gud og held hans bod. 3 t Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.
4 t For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.Vitnemålet om Sonen
5 t Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 tt Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 t Så er det tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 t Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 t Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i sitt indre. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til løgnar, fordi han ikkje har trudd Guds eige vitnemål om sin Son. 11 t Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son.
12 t Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.Bøn og forbøn
13 t Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son. 14 t Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. 15 Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om. 16 t Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.
17 t All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.Under Guds vern
18 t Vi veit at kvar den som er fødd av Gud, ikkje syndar. For han som er fødd av Gud, vernar han, så den vonde ikkje kan koma til. 19 t Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.
20 t Og vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss forstand, så vi kjenner Den sanne. Vi er i Den sanne, vi som er i hans Son, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
21 t Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!
1 JOHN 5
Victory over the World
1 If we believe Jesus is truly Christ, we are God's children. Everyone who loves the Father will also love his children. 2 If we love and obey God, we know we will love his children.
3 t We show our love for God by obeying his commandments, and they are not hard to follow.
4 Every child of God can defeat the world, and our faith is what gives us this victory.
5 No one can defeat the world without having faith in Jesus as the Son of God.Who Jesus Is
6 Water and blood came out from the side of Jesus Christ. It wasn't just water, but water and blood.t The Spirit tells about this, because the Spirit is truthful. 7 In fact, there are three who tell about it.
8 They are the Spirit, the water, and the blood, and they all agree.
9 We believe what people tell us. But we can trust what God says even more, and God is the one who has spoken about his Son. 10 If we have faith in God's Son, we have believed what God has said. But if we don't believe what God has said about his Son, it is the same as calling God a liar. 11 t God has also said he gave us eternal life and this life comes to us from his Son.
12 And so, if we have God's Son, we have this life. But if we don't have the Son, we don't have this life.Knowing about Eternal Life
13 All of you have faith in the Son of God, and I have written to let you know you have eternal life. 14 We are certain God will hear our prayers when we ask for what pleases him.
15 And if we know God listens when we pray, we are sure our prayers have already been answered.
16 Suppose you see one of our people commit a sin that isn't a deadly sin. You can pray, and this person will be given eternal life. But the sin must not be one that is deadly.
17 Everything that is wrong is sin, but not all sins are deadly.
18 We are sure God's children do not keep on sinning. God's own Son protects them, and the devil cannot harm them.
19 We are certain we come from God and the rest of the world is under the power of the devil.
20 We know that Jesus Christ the Son of God has come and has shown us the true God. And because of Jesus, we now belong to the true God who gives eternal life.
21 Children, you must stay away from idols.