1. Peter 1
Helsing
1 t Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia.
2 t De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!Ei levande von
3 t Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 4 t Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk,
5 t de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
6 t Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. 7 t Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 t Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord,
9 t for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.
10 t Denne frelsa var det profetane søkte etter og ville utforska då dei profeterte om den nåden de skulle få. 11 t Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma.
12 t Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den heilage ande, som er send frå himmelen. Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i.Kalla til eit heilagt liv
13 t t Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg. 14 t Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande. 15 t Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd. 16 t For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17 t De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.
18 t t De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gull
de vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,
19 t det var med Kristi dyre blod,
blodet av eit lam utan feil og lyte.
20 t Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd,
og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.
21 t Ved han er de komne til tru på Gud,
som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom.
Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22 t I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte. 23 t For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg sæd, men av uforgjengeleg, ved Guds levande ord som alltid varer ved.
24 t For
alle menneske er som gras
og all deira prakt som blomen i graset.
Graset visnar, og blomen fell av,
25 t men Herrens ord varer til evig tid.
Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk.
1 PETER 1
1 From Peter, an apostle of Jesus Christ.
To God's people who are scattered like foreigners in Pontus, Galatia, Cappadocia, Asia, and Bithynia.
2 God the Father decided to choose you as his people, and his Spirit has made you holy. You have obeyed Jesus Christ and are sprinkled with his blood.t
I pray that God will be kind to you and will keep on giving you peace!A Real Reason for Hope
3 Praise God, the Father of our Lord Jesus Christ. God is so good, and by raising Jesus from death, he has given us new life and a hope that lives on.
4 t God has something stored up for you in heaven, where it will never decay or be ruined or disappear.
5 You have faith in God, whose power will protect you until the last day.t Then he will save you, just as he has always planned to do. 6 On that day you will be glad, even if you have to go through many hard trials for a while.
7 t Your faith will be like gold that has been tested in a fire. And these trials will prove that your faith is worth much more than gold that can be destroyed. They will show that you will be given praise and honor and glory when Jesus Christ returns.
8 You have never seen Jesus, and you don't see him now. But still you love him and have faith in him, and no words can tell how glad and happy
9 you are to be saved. This is why you have faith.
10 Some prophets told how God would treat you with undeserved grace, and they searched hard to find out more about the way you would be saved. 11 The Spirit of Christ was in them and was telling them how Christ would suffer and would then be given great honor. So they searched to find out exactly who Christ would be and when this would happen.
12 But they were told that they were serving you and not themselves. They preached to you by the power of the Holy Spirit, who was sent from heaven. And their message was only for you, even though angels would like to know more about it.Chosen To Live //a Holy Life
13 Be alert and think straight. Put all your hope in how God will treat you with undeserved grace when Jesus Christ appears. 14 Behave like obedient children. Don't let your lives be controlled by your desires, as they used to be. 15 Always live as God's holy people should, because God is the one who chose you, and he is holy.
16 t That's why the Scriptures say, “I am the holy God, and you must be holy too.”
17 You say that God is your Father, but God doesn't have favorites! He judges all people by what they do. So you must honor God while you live as strangers here on earth. 18 You were rescuedt from the useless way of life you learned from your ancestors. But you know you were not rescued by such things as silver or gold that don't last forever. 19 t You were rescued by the precious blood of Christ, that spotless and innocent lamb. 20 Christ was chosen even before the world was created, but because of you, he did not come until these last days.
21 And when he did come, it was to lead you to have faith in God, who raised him from death and honored him in a glorious way. This is why you have put your faith and hope in God.
22 You obeyed the truth, t and your souls were made pure. Now you sincerely love each other. But you must keep on loving with all your heart. 23 Do this because God has given you new birth by his message that lives on forever.
24 t The Scriptures say,
“Humans wither like grass,
and their glory fades
like wild flowers.
Grass dries up,
and flowers fall
to the ground.
25 But what the Lord has said
will stand forever.”
Our good news to you is what the Lord has said.