1. Peter 3
Ord til ektefolk
1 Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, t 2 når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. 3 Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, t 4 men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. 5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna,
6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk.t
7 Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.tLøn ikkje vondt med vondt!
8 Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samhuga og syn medkjensle, elska kvarandre som sysken, ver miskunnsame og audmjuke. t
9 Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.t
10 Den som elskar livet
og vil sjå gode dagar,
skal halda tunga frå det vonde
og lippene frå svikefulle ord. t
11 Han må venda seg frå det vonde
og gjera det gode,
søkja fred og jaga etter han.
12 For Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,
og han vender øyra ¬til deira bøn.
Men Herren vender seg mot dei ¬som gjer vondt.
13 Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode? 14 Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma, t 15 men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig. 16 Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine. t
17 For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt.tDåpen og det nye livet
18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, t 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. t 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, t 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – t t 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.t
1 PETER 3
Wives and Husbands
1 t If you are a wife, you must put your husband first. Even if he opposes our message, you will win him over by what you do. No one else will have to say anything to him, 2 because he will see how you honor God and live a pure life. 3 t Don't depend on things like fancy hairdos or gold jewelry or expensive clothes to make you look beautiful.
4 Be beautiful in your heart by being gentle and quiet. This kind of beauty will last, and God considers it very special.
5 Long ago those women who worshiped God and put their hope in him made themselves beautiful by putting their husbands first.
6 For example, Sarah obeyed Abraham and called him her master. You are her true children, if you do right and don't let anything frighten you.
7 t If you are a husband, you should be thoughtful of your wife. Treat her with honor, because she isn't as strong as you are, and she shares with you in the gift of life. Then nothing will stand in the way of your prayers.Suffering for Doing Right
8 Finally, all of you should agree and have concern and love for each other. You should also be kind and humble.
9 Don't be hateful and insult people just because they are hateful and insult you. Instead, treat everyone with kindness. You are God's chosen ones, and he will bless you. The Scriptures say,
10 t “Do you really love life?
Do you want to be happy?
Then stop saying cruel things
and quit telling lies.
11 Give up your evil ways
and do right,
as you find and follow
the road to peace.
12 The Lord watches over
everyone who obeys him,
and he listens
to their prayers.
But he opposes everyone
who does evil.”
13 Can anyone really harm you for being eager to do good deeds? 14 t t Even if you have to suffer for doing good things, God will bless you. So stop being afraid and don't worry about what people might do.
15 Honor Christ and let him be the Lord of your life.
Always be ready to give an answer when someone asks you about your hope. 16 Give a kind and respectful answer and keep your conscience clear. This way you will make people ashamed for saying bad things about your good conduct as a follower of Christ.
17 You are better off to obey God and suffer for doing right than to suffer for doing wrong.
18 Christ died once for our sins.
An innocent person died
for those who are guilty.
Christ did this
to bring you to God,
when his body
was put to death
and his spirit
was made alive.
19 Christ then preached to the spirits that were being kept in prison.
20 t t They had disobeyed God while Noah was building the boat, but God had been patient with them. Eight people went into that boat and were brought safely through the flood.
21 Those flood waters were like baptism that now saves you. But baptism is more than just washing your body. It means turning to God with a clear conscience, because Jesus Christ was raised from death. 22 Christ is now in heaven, where he sits at the right sidet of God. All angels, authorities, and powers are under his control.