previous next

1. Tessalonikar 4

Framsteg i heilagt liv og kjærleik

1  t Elles, sysken, bed vi dykk og legg dykk på hjartet i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til glede for Gud, og slik lever de alt no. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 For de veit kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 t For dette er Guds vilje: at de skal vera heilage, så de held dykk borte frå hor. 4 tt Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 t ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Ingen må gjera bror sin urett eller lura han i dette. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjartet. 7 t For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.

8 t Den som avviser dette, han avviser difor ikkje eit menneske, men han avviser Gud, som gjev dykk sin heilage Ande.
9  t t Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 t Og de viser denne kjærleiken mot alle syskena våre i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjartet, sysken, at de må gjera endå større framsteg i dette. 11 t De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har bode dykk,

12 t så de kan gå sømeleg fram mellom dei som er utanfor, og ikkje treng be nokon om hjelp.

Når Herren kjem


13  t t Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp. 14 t For så sant Jesus døydde og stod opp, og det trur vi, så skal òg Gud ved Jesus føra dei som har sovna inn, saman med han. 15 t Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn. 16 t For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp. 17 t Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!

1 THESSALONIANS 4

A Life That Pleases God

1 Finally, my dear friends, since you belong to the Lord Jesus, we beg and urge you to live as we taught you. Then you will please God. You are already living that way, but try even harder. 2 Remember the instructions we gave you as followers of the Lord Jesus. 3 God wants you to be holy, so don't be immoral in matters of sex. 4 Respect and honor your wife.t 5 Don't be a slave of your desires or live like people who don't know God. 6 You must not cheat any of the Lord's followers in matters of sex.t Remember, we warned you that he punishes everyone who does such things. 7 God didn't choose you to be filthy, but to be pure.

8 So if you don't obey these rules, you are not really disobeying us. Instead, you are disobeying God, who gives you his Holy Spirit.
9 We don't have to write you about the need to love each other. God has taught you to do this, 10 and you already have shown your love for all his people in Macedonia. But, my dear friends, we ask you to do even more. 11 Try your best to live quietly, to mind your own business, and to work hard, just as we taught you to do.

12 t Then you will be respected by people who are not followers of the Lord, and you won't have to depend on anyone.

The Lord's Coming


13 My friends, we want you to understand how it will be for those followers who have already died. Then you won't grieve over them and be like people who don't have any hope. 14 We believe Jesus died and was raised to life. We also believe that when God brings Jesus back again, he will bring with him all who had faith in Jesus before they died.

15 t t Our Lord Jesus told us that when he comes, we won't go up to meet him ahead of his followers who have already died.
16  t With a loud command and with the shout of the chief angel and a blast of God's trumpet, the Lord will return from heaven. Then those who had faith in Christ before they died will be raised to life. 17 Next, all of us who are still alive will be taken up into the clouds together with them to meet the Lord in the sky. From that time on we will all be with the Lord forever. 18 Encourage each other with these words.