previous next

1. Tessalonikar 4

Framgang i heilagt liv og kjærleik

1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! t 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, t 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. t 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. t

8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.t
9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. t 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. t 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. t

12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.t

Når Herren kjem


13 Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. t 14 For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. t 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. t 16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. t 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. t 18 Trøysta kvarandre med desse orda!

1 THESSALONIANS 4

A Life That Pleases God

1 Finally, my dear friends, since you belong to the Lord Jesus, we beg and urge you to live as we taught you. Then you will please God. You are already living that way, but try even harder. 2 Remember the instructions we gave you as followers of the Lord Jesus. 3 God wants you to be holy, so don't be immoral in matters of sex. 4 Respect and honor your wife.t 5 Don't be a slave of your desires or live like people who don't know God. 6 You must not cheat any of the Lord's followers in matters of sex.t Remember, we warned you that he punishes everyone who does such things. 7 God didn't choose you to be filthy, but to be pure.

8 So if you don't obey these rules, you are not really disobeying us. Instead, you are disobeying God, who gives you his Holy Spirit.
9 We don't have to write you about the need to love each other. God has taught you to do this, 10 and you already have shown your love for all his people in Macedonia. But, my dear friends, we ask you to do even more. 11 Try your best to live quietly, to mind your own business, and to work hard, just as we taught you to do.

12 t Then you will be respected by people who are not followers of the Lord, and you won't have to depend on anyone.

The Lord's Coming


13 My friends, we want you to understand how it will be for those followers who have already died. Then you won't grieve over them and be like people who don't have any hope. 14 We believe Jesus died and was raised to life. We also believe that when God brings Jesus back again, he will bring with him all who had faith in Jesus before they died.

15 t t Our Lord Jesus told us that when he comes, we won't go up to meet him ahead of his followers who have already died.
16  t With a loud command and with the shout of the chief angel and a blast of God's trumpet, the Lord will return from heaven. Then those who had faith in Christ before they died will be raised to life. 17 Next, all of us who are still alive will be taken up into the clouds together with them to meet the Lord in the sky. From that time on we will all be with the Lord forever. 18 Encourage each other with these words.