1. Timoteus 4
Vranglære i den siste tida
1 Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter. t 2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit. 3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. t 4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk. t
5 Det vert helga med Guds ord og bøn.Ansvaret for kyrkjelyden
6 Når du lærer brørne dette, er du ein god Kristi Jesu tenar som nærer seg av det ordet som skaper tru, og av den gode læra, som du alltid har fylgt. t 7 Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tom tale. Øv deg heller i gudsfrykt. t 8 For kroppsleg øving er ikkje gagnleg til mykje, men gudsfrykt er gagnleg til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem. t 9 Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot. t 10 Difor er det vi arbeider og strider. For vi har sett vår von til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men fyrst og fremst for dei som trur. t
11 Dette skal du byda og læra.
12 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. t 13 Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem. 14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg. t
15 Ta deg av alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.
16 Gjev akt på deg sjølv og lærargjerninga di! Hald fram med det! For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.
1 TIMOTHY 4
People Will Turn from //Their Faith
1 God's Spirit clearly says that in the last days many people will turn from their faith. They will be fooled by evil spirits and by teachings that come from demons. 2 They will also be fooled by the false claims of liars whose consciences have lost all feeling. These liars 3 will forbid people to marry or to eat certain foods. But God created these foods to be eaten with thankful hearts by his followers who know the truth. 4 Everything God created is good. And if you give thanks, you may eat anything.
5 What God has said and your prayer will make it fit to eat.Paul's Advice to Timothy
6 If you teach these things to other followers, you will be a good servant of Christ Jesus. You will show you have grown up on the teachings about our faith and on the good instructions you have obeyed. 7 Don't have anything to do with worthless, senseless stories. Work hard to be truly religious.
8-9 As the saying goes,
“Exercise is good
for your body,
but religion helps you
in every way.
It promises life
now and forever.”
These words are worthwhile and should not be forgotten.
10 We have put our hope in the living God, who is the Savior of everyone, but especially of those who have faith. This is why we work and struggle so hard.t
11 Teach these things and tell everyone to do what you say.
12 Don't let anyone make fun of you, just because you are young. Set an example for other followers by what you say and do, as well as by your love, faith, and purity.
13 Until I arrive, be sure to keep on reading the Scriptures in worship, and don't stop preaching and teaching. 14 Use the gift you were given when the prophets spoke and the group of church leaderst blessed you by placing their hands on you. 15 Remember these things and think about them, so everyone can see how well you are doing. 16 Be careful about the way you live and about what you teach. Keep on doing this, and you will save not only yourself, but the people who hear you.