2. Korintar 10
Paulus forsvarar aposteltenesta si
1 t Eg, Paulus, som går for å vera så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg formanar dykk ved Kristi audmjuke og milde sinn. 2 t Eg bed om å få sleppa å vera modig når eg kjem! Men eg vil ikkje nøla med å vera myndig mot visse folk som seier vi går fram med berre menneskelege motiv. 3 Om vi går fram på menneskevis, så kjempar vi ikkje på menneskevis. 4 t For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 t og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.
6 t Så snart de har nådd fram til full lydnad, er vi klare til å straffa all ulydnad.
7 Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja over dette ein gong til med seg sjølv. For liksom han høyrer Kristus til, så gjer vi det òg. 8 t Eg kunne ha skrytt endå meir av den fullmakta Herren har gjeve oss, fullmakt til å byggja dykk opp og ikkje til å riva ned. I så fall ville eg ikkje bli til skamme, 9 og det skulle bli klårt at det ikkje berre er for å skremma dykk at eg skriv desse breva. 10 «For breva», seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.»
11 t Den som meiner det, skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hos dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte.
12 t Vi vågar verken å rekna oss til eller samanlikna oss med visse andre som gjev seg sjølve lovord. Når dei måler seg mot seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, viser dei berre sin eigen uforstand. 13 Men vi vil ikkje gå over streken med sjølvrosen, men halda oss innanfor den rettesnora som Gud sjølv har strekt ut for oss: at vi skulle nå fram også til dykk. 14 Vi strekkjer oss ikkje lenger enn vi kan rekka, som om vi aldri hadde nådd fram til dykk. For vi er alt komne så langt som til dykk med Kristi evangelium. 15 t Nei, vi går ikkje over streken og skryter av arbeid som andre har gjort. Men vi har det håpet at trua dykkar skal veksa, så vi ved dykkar hjelp kan gå endå lenger fram, etter den rettesnora som er strekt ut for oss. 16 tt Så kan vi òg forkynna evangeliet bortanfor dykkar grenser, utan å følgja rettesnora som er strekt for andre, eller ta æra for arbeid som alt er gjort. 17 t For den som er stolt, skal vera stolt av Herren. 18 t Det er ikkje den som gjev seg sjølv lovord, som står si prøve, men den som Herren gjev lovord.
2 CORINTHIANS 10
Paul Defends His Work //for Christ
1 Do you think I am a coward when I am with you and brave when I am far away? Well, I ask you to listen, because Christ himself was humble and gentle. 2 Some people have said we act like the people of this world. So when I arrive, I expect I will have to be firm and forceful in what I say to them. Please don't make me treat you that way. 3 We live in this world, but we don't act like its people 4 or fight our battles with the weapons of this world. Instead, we use God's power that can destroy fortresses. We destroy arguments 5 and every bit of pride that keeps anyone from knowing God. We capture people's thoughts and make them obey Christ.
6 And when you completely obey him, we will punish anyone who refuses to obey.
7 You judge by appearances.t If any of you think you are the only ones who belong to Christ, then think again. We belong to Christ as much as you do. 8 Maybe I brag a little too much about the authority that the Lord gave me to help you and not to hurt you. Yet I am not embarrassed to brag. 9 And I am not trying to scare you with my letters. 10 Some of you are saying, “Paul's letters are harsh and powerful. But in person, he is a weakling and has nothing worth saying.”
11 Those people had better understand that when I am with you, I will do exactly what I say in my letters.
12 We won't dare compare ourselves with those who think so much of themselves. But they are foolish to compare themselves with themselves. 13 We won't brag about something we don't have a right to brag about. We will only brag about the work God has sent us to do, and you are part of that work.
14 We are not bragging more than we should. After all, we did bring the message about Christ to you.
15 We don't brag about what others have done, as if we had done those things ourselves. But I hope as you become stronger in your faith, we will be able to reach many more of the people around you.t That has always been our goal. 16 Then we will be able to preach the good news in other lands where we cannot take credit for work someone else has already done. 17 t The Scriptures say, “If you want to brag, then brag about the Lord.” 18 You may brag about yourself, but the only approval that counts is the Lord's approval.