previous next

2. Korintar 10

Paulus forsvarar aposteltenesta si

1 Eg, Paulus, som er så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg påminner dykk med Kristi spaklynde og mildskap. t 2 Eg bed dykk at eg må få sleppa å visa kor modig eg er når eg no kjem til dykk! For eg skal syna kor fast og djerv eg er mot dei som seier at vi lèt oss driva av reint menneskelege motiv! t 3 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar t 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. t

6 Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.t
7 Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja seg om ein gong til og skjøna at det gjer vi òg, ikkje berre han. 8 Eg òg kunne rosa meg av den fullmakt Herren har gjeve oss til å byggja opp, men ikkje til å riva ned hjå dykk. Eg ville i så fall få rett, t 9 og det skulle verta klårt at det ikkje er berre for å skræma dykk at eg skriv desse breva. 10 «For breva,» seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.»

11 Den som meiner det, han skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hjå dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte.t
12 Vi vågar ikkje å rekna oss til dei som gjev seg sjølve lovord. Vi samanliknar oss ikkje med dei. Når dei mæler seg med seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, syner det berre kor uvituge dei er. t 13 Men vi vil ikkje rosa oss utan mål eller måte. Vi held oss til det mål som Gud sjølv har sett for oss: at vi i arbeidet vårt har nått fram til dykk òg. 14 Vi tøyer oss ikkje lenger enn rett er. Det hadde vi gjort om vi ikkje hadde nått fram til dykk. Men vi er då komne så langt som til dykk med Kristi evangelium. 15 Vi går ikkje for langt når vi rosar oss, og tek ikkje æra for det arbeidet andre har gjort. Men vi har den von at trua dykkar skal veksa, så vi får endå større framgang hjå dykk, etter det mål som er sett for oss. t 16 Då kan vi òg forkynna evangeliet bortanfor dykkar grenser, utan å ta æra for arbeid som alt er gjort av andre, og utan å bruka det mål som er sett for dei. t 17 For «den som rosar seg, skal rosa seg av Herren». t 18 Ikkje den som gjev seg sjølv lovord, held prøva, men den som Herren gjev lovord.t

2 CORINTHIANS 10

Paul Defends His Work //for Christ

1 Do you think I am a coward when I am with you and brave when I am far away? Well, I ask you to listen, because Christ himself was humble and gentle. 2 Some people have said we act like the people of this world. So when I arrive, I expect I will have to be firm and forceful in what I say to them. Please don't make me treat you that way. 3 We live in this world, but we don't act like its people 4 or fight our battles with the weapons of this world. Instead, we use God's power that can destroy fortresses. We destroy arguments 5 and every bit of pride that keeps anyone from knowing God. We capture people's thoughts and make them obey Christ.

6 And when you completely obey him, we will punish anyone who refuses to obey.
7 You judge by appearances.t If any of you think you are the only ones who belong to Christ, then think again. We belong to Christ as much as you do. 8 Maybe I brag a little too much about the authority that the Lord gave me to help you and not to hurt you. Yet I am not embarrassed to brag. 9 And I am not trying to scare you with my letters. 10 Some of you are saying, “Paul's letters are harsh and powerful. But in person, he is a weakling and has nothing worth saying.”

11 Those people had better understand that when I am with you, I will do exactly what I say in my letters.
12 We won't dare compare ourselves with those who think so much of themselves. But they are foolish to compare themselves with themselves. 13 We won't brag about something we don't have a right to brag about. We will only brag about the work God has sent us to do, and you are part of that work.

14 We are not bragging more than we should. After all, we did bring the message about Christ to you.
15 We don't brag about what others have done, as if we had done those things ourselves. But I hope as you become stronger in your faith, we will be able to reach many more of the people around you.t That has always been our goal. 16 Then we will be able to preach the good news in other lands where we cannot take credit for work someone else has already done. 17 t The Scriptures say, “If you want to brag, then brag about the Lord.” 18 You may brag about yourself, but the only approval that counts is the Lord's approval.