previous next

2. Korintar 12

Syn og openberringar

1 Eg må skryta av meg sjølv, endå det ikkje tener til noko. For no kjem eg til syn og openberringar frå Herren. 2 t Eg veit om eit menneske i Kristus som for fjorten år sidan vart bortrykt til den tredje himmelen – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 t Og eg veit at dette mennesket vart bortrykt til paradis – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, ord som menneske ikkje har lov til å tala. 5 t Av dette mennesket vil eg vera stolt, men eg vil ikkje vera stolt av meg sjølv, anna enn av veikskapen min. 6 t Men om eg no ville vera stolt, så var eg ikkje frå vitet, for det var sanning, det eg tala. Men eg lèt det vera, så ingen skal tenkja høgare om meg enn dei gjer når dei ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. 8 t Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 t Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.

10 tt Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

Uro før ei ny reise til Korint


11  t Så har eg likevel gått frå vitet! De har tvinga meg til det, endå det var de som skulle ha lagt inn eit godt ord for meg. For eg er ikkje noko dårlegare enn desse superapostlane, endå eg ingenting er. 12 t Dei teikna som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk, både teikn, under og mektige gjerningar.

13 t Vart de sette lågare enn dei andre forsamlingane? Det måtte i så fall vera at eg ikkje har vore ei bør for dykk. Tilgjev meg den uretten!
14  t No er det tredje gongen eg står klar og skal reisa til dykk. Eg skal ikkje vera ei bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna. 15 t Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv bli ofra for dykkar skuld. Skal eg då bli mindre elska fordi eg elskar dykk meir? 16 Det kan vera som somme seier, at eg ikkje har vore ei bør for dykk, men at eg er slu og har vunne dykk med list. 17 t Har eg kanskje sendt nokon til dykk for eiga vinning skuld?

18 t Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje han og eg gått fram i den same ånd og gått i dei same fotspora?
19 No har de nok lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal bli oppbygde. 20 tt For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og opprør. 21 t Ja, eg er redd min Gud på nytt skal audmjuka meg mellom dykk når eg kjem og må sørgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all den ureinskap, hor og skamløyse dei har drive med.

2 CORINTHIANS 12

Visions from the Lord

1 I have to brag. There is nothing to be gained by it, but I must brag about the visions and other things that the Lord has shown me.

2 I know about one of Christ's followers who was taken up into the third heaven 14 years ago. I don't know if the man was still in his body when it happened, but God certainly knows.
3 As I said, only God really knows if this man was in his body at the time. 4 But he was taken up into paradise, t where he heard things too wonderful to tell.

5 I will brag about that man, but not about myself, except to say how weak I am.
6 Yet even if I did brag, I would not be foolish. I would simply be speaking the truth. But I will try not to say too much. That way, none of you will think more highly of me than you should because of what you have seen me do and say.

7 Of course, I am now referring to the wonderful things I saw. One of Satan's angels was sent to make me suffer terribly, so that I would not feel too proud.t
8 Three times I begged the Lord to make this suffering go away. 9 But he replied, “My gift of undeserved grace is all you need. My power is strongest when you are weak.” So if Christ keeps giving me his power, I will gladly brag about how weak I am.

10 Yes, I am glad to be weak or insulted or mistreated or to have troubles and sufferings, if it is for Christ. Because when I am weak, I am strong.

Paul's Concern //for the Lord's Followers //at Corinth


11 I have been making a fool of myself. But you forced me to do it, when you should have been speaking up for me. I may be nothing at all, but I am as good as those super apostles. 12 When I was with you, I was patient and worked all the powerful miracles and signs and wonders of a true apostle.

13 You missed out on only one blessing the other churches received. That is, you didn't have to support me. Forgive me for doing you wrong.
14 I am planning to visit you for the third time. But I still won't make a burden of myself. What I really want is you, and not what you have. Children are not supposed to save up for their parents, but parents are supposed to take care of their children. 15 So I will gladly give all I have and all I am. Will you love me less for loving you too much? 16 You agree that I wasn't a burden to you. Maybe that's because I was trying to catch you off guard and trick you. 17 Were you cheated by any of those I sent to you?

18 I urged Titus to visit you, and I sent another follower with him. But Titus didn't cheat you, and we felt and behaved the same way he did.

19 Have you been thinking all along that we have been defending ourselves to you? Actually, we have been speaking to God as followers of Christ. But, my friends, we did it all for your good.
20 I am afraid when I come, we won't be pleased with each other. I fear that some of you may be arguing or jealous or angry or selfish or gossiping or insulting each other. I even fear that you may be proud and acting like a mob. 21 I am afraid God will make me ashamed when I visit you again. I will feel like crying because many of you have never given up your old sins. You are still doing things that are immoral, indecent, and shameful.