previous next

2. Korintar 12

Syner og openberringar

1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. t 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. t 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. t 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. t

10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.t

Uro føre ei ny vitjing i Korint


11 Så har eg då vore heilt ifrå meg! De har tvinga meg til det, eg som skulle ha fått lovord av dykk. For ikkje på nokon måte er eg mindre enn desse overapostlane, endå eg ingenting er. t 12 Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk: teikn, under og mektige gjerningar. t 13 Vart de sette lågare enn dei andre kyrkjelydane? Det måtte då vera at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk. Tilgjev meg den uretten! t 14 No er det tredje gongen eg står budd og skal fara til dykk. Eg skal ikkje vera til bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna. t 15 Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv verta ofra for dykkar skuld. Skal eg då verta mindre elska, fordi eg elskar dykk meir? t 16 Det kan så vera, seier somme, at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk, men eg er slu og har vunne dykk med list. 17 Sende eg nokon til dykk for eiga vinning skuld? t

18 Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje vi fare fram i den same ånd, han og eg, og gått i dei same fotefar?t
19 De har visst lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal verta oppbygde. 20 For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og rot. t 21 Ja, eg er redd min Gud atter skal audmykja meg mellom dykk, når eg kjem og må syrgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all ureinskapen, horinga og lauslivnaden.t

2 CORINTHIANS 12

Visions from the Lord

1 I have to brag. There is nothing to be gained by it, but I must brag about the visions and other things that the Lord has shown me.

2 I know about one of Christ's followers who was taken up into the third heaven 14 years ago. I don't know if the man was still in his body when it happened, but God certainly knows.
3 As I said, only God really knows if this man was in his body at the time. 4 But he was taken up into paradise, t where he heard things too wonderful to tell.

5 I will brag about that man, but not about myself, except to say how weak I am.
6 Yet even if I did brag, I would not be foolish. I would simply be speaking the truth. But I will try not to say too much. That way, none of you will think more highly of me than you should because of what you have seen me do and say.

7 Of course, I am now referring to the wonderful things I saw. One of Satan's angels was sent to make me suffer terribly, so that I would not feel too proud.t
8 Three times I begged the Lord to make this suffering go away. 9 But he replied, “My gift of undeserved grace is all you need. My power is strongest when you are weak.” So if Christ keeps giving me his power, I will gladly brag about how weak I am.

10 Yes, I am glad to be weak or insulted or mistreated or to have troubles and sufferings, if it is for Christ. Because when I am weak, I am strong.

Paul's Concern //for the Lord's Followers //at Corinth


11 I have been making a fool of myself. But you forced me to do it, when you should have been speaking up for me. I may be nothing at all, but I am as good as those super apostles. 12 When I was with you, I was patient and worked all the powerful miracles and signs and wonders of a true apostle.

13 You missed out on only one blessing the other churches received. That is, you didn't have to support me. Forgive me for doing you wrong.
14 I am planning to visit you for the third time. But I still won't make a burden of myself. What I really want is you, and not what you have. Children are not supposed to save up for their parents, but parents are supposed to take care of their children. 15 So I will gladly give all I have and all I am. Will you love me less for loving you too much? 16 You agree that I wasn't a burden to you. Maybe that's because I was trying to catch you off guard and trick you. 17 Were you cheated by any of those I sent to you?

18 I urged Titus to visit you, and I sent another follower with him. But Titus didn't cheat you, and we felt and behaved the same way he did.

19 Have you been thinking all along that we have been defending ourselves to you? Actually, we have been speaking to God as followers of Christ. But, my friends, we did it all for your good.
20 I am afraid when I come, we won't be pleased with each other. I fear that some of you may be arguing or jealous or angry or selfish or gossiping or insulting each other. I even fear that you may be proud and acting like a mob. 21 I am afraid God will make me ashamed when I visit you again. I will feel like crying because many of you have never given up your old sins. You are still doing things that are immoral, indecent, and shameful.