2. Korintar 5
1 t t For vi veit at om det blir nedrive, dette teltet som er vårt jordiske hus, så har vi i himmelen ein bygning som er frå Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. 2 tt Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å bli overkledde med vår himmelske bustad. 3 t For når vi slik er kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne. 4 t Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet. 5 t Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. 6 t Difor er vi alltid ved godt mot, endå vi veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren. 7 t For vi vandrar i tru, utan å sjå. 8 t Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren. 9 Difor, anten vi er heime eller har flytt bort, set vi vår ære i å vera til glede for han.
10 t For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.Forsoningstenesta
11 t Fordi vi veit kva det er å ha ærefrykt for Herren, prøver vi å vinna menneske. Men livet vårt ligg ope for Gud, og eg håpar at det òg ligg ope for dykk, slik at de kjenner oss. 12 t Vi prøver ikkje no igjen å koma med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å vera stolte av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjartet. 13 t For har vi vore i ekstase, så var det for Gud. Og er vi ved sans og samling, så er det for dykk. 14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd.
15 t Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon berre på menneskevis. Og har vi før kjent Kristus på menneskevis, så kjenner vi han ikkje lenger slik. 17 t Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til! 18 t Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. 19 t Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. 20 t Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! 21 tt Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.
2 CORINTHIANS 5
1 t Our bodies are like tents that we live in here on earth. But when these tents are destroyed, we know that God will give each of us a place to live. These homes will not be buildings someone has made, but they are in heaven and will last forever. 2 While we are here on earth, we sigh because we want to live in that heavenly home.
3 We want to put it on like clothes and not be naked.
4 These tents we now live in are like a heavy burden, and we groan. But we don't do this just because we want to leave these bodies that will die. It is because we want to change them for bodies that will never die. 5 God is the one who makes all this possible. He has given us his Spirit to make us certain he will do it.
6 So always be cheerful!
As long as we are in these bodies, we are away from the Lord. 7 But we live by faith, not by what we see. 8 We should be cheerful, because we would rather leave these bodies and be at home with the Lord. 9 But whether we are at home with the Lord or away from him, we still try our best to please him.
10 t After all, Christ will judge each of us for the good or the bad that we do while living in these bodies.Bringing People to God
11 We know what it means to respect the Lord, and we encourage everyone to turn to him. God himself knows what we are like, and I hope you also know what kind of people we are.
12 We are not trying once more to brag about ourselves. But we want you to be proud of us, when you are with those who are not sincere and brag about what others think of them.
13 If we seem out of our minds, it is between God and us. But if we are in our right minds, it is for your good. 14 We are ruled by Christ's love for us. We are certain that if one person died for everyone else, then all of us have died.
15 And Christ did die for all of us. He died so we would no longer live for ourselves, but for the one who died and was raised to life for us.
16 We are careful not to judge people by what they seem to be, though we once judged Christ in this way. 17 Anyone who belongs to Christ is a new person. The past is forgotten, and everything is new.
18 God has done it all! He sent Christ to make peace between himself and us, and he has given us the work of making peace between himself and others.
19 What we mean is that God was in Christ, offering peace and forgiveness to the people of this world. And he has given us the work of sharing his message about peace. 20 We were sent to speak for Christ, and God is begging you to listen to our message. We speak for Christ and sincerely ask you to make peace with God. 21 Christ never sinned! But God treated him as a sinner, so Christ could make us acceptable to God.