previous next

2. Peter 1

Helsing

1  t Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som har fått den same dyrebare tru som vi gjennom rettferda frå vår Gud og frelsar Jesus Kristus.

2 t Nåde og fred vere med dykk i rikt mål ved at de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!

Trua skal utfalda seg i livet


3  t Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke.

4 t Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.
5  t Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt, 6 t innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt, 7 t gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle. 8 t For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus.

9 t Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder.
10 Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla.

11 Då skal inngangen til vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike stå vidopen for dykk.

Kristi herlegdom og profetordet


12  t Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk. 13 t Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg bur i dette teltet. 14 t For eg veit at teltet mitt snart skal takast ned, det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita.

15 Og eg vil gjera alt eg kan for at de alltid skal minnast dette, også etter at eg er gått bort.
16  t For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde. 17 t For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

18 Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.
19  t Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. 20 Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 t For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud.

2 PETER 1

1 From Simon Peter, a servant and an apostle of Jesus Christ.
To everyone who shares with us in the privilege of believing that our God and Savior Jesus Christ will do what is just and fair.t

2 I pray that God will be kind to you and will let you live in perfect peace! May you keep learning more and more about God and our Lord Jesus.

Living as the Lord's //Followers


3 We have everything we need to live a life that pleases God. It was all given to us by God's own power, when we learned he had invited us to share in his wonderful goodness.

4 God made great and marvelous promises, so his nature would become part of us. Then we could escape our evil desires and the corrupt influences of this world.
5 Do your best to improve your faith by adding goodness, understanding, 6 self-control, patience, devotion to God, 7 concern for others, and love. 8 If you keep growing in this way, it will show that what you know about our Lord Jesus Christ has made your lives useful and meaningful.

9 But if you don't grow, you are like someone who is nearsighted or blind, and you have forgotten that your past sins are forgiven.
10 My friends, you must do all you can to show God has really chosen and selected you. If you keep on doing this, you won't stumble and fall.

11 Then our Lord and Savior Jesus Christ will give you a glorious welcome into his kingdom that will last forever.
12 You are holding firmly to the truth you were given. But I am still going to remind you of these things. 13 In fact, I think I should keep on reminding you until I leave this body. 14 And our Lord Jesus Christ has already told me that I will soon leave it behind.

15 This is why I am doing my best to make sure that each of you remembers all of this after I am gone.

The Message about the Glory //of Christ


16 When we told you about the power and the return of our Lord Jesus Christ, we were not telling clever stories someone had made up. But with our own eyes we saw his true greatness. 17 t God, our great and wonderful Father, truly honored him by saying, “This is my own dear Son, and I am pleased with him.”

18 We were there with Jesus on the holy mountain and heard this voice speak from heaven.
19 All of this makes us even more certain that what the prophets said is true. So you should pay close attention to their message, as you would to a lamp shining in some dark place. You must keep on paying attention until daylight comes and the morning star rises in your hearts. 20 But you need to realize that no one alone can understand any of the prophecies in the Scriptures. 21 The prophets did not think these things up on their own, but they were guided by the Spirit of God.