previous next

2. Timoteus 1

Helsing

1  t Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus,

2 tt helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!

Apostelen og læresveinen hans


3  t Med takk til Gud, som eg tener med reint samvit slik fedrane mine gjorde, hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine. 4 Eg hugsar tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att – det ville fylla meg med glede.

5 t Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.
6  t t Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg! 7 t For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.

8 tt Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.

9  t Han har frelst oss
og kalla oss med eit heilagt kall,
ikkje på grunn av gjerningane våre,
men etter sin eigen vilje og nåde,
den som er gjeven oss i Kristus Jesus
frå evige tider,

10  t og som no har vorte openberra
då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.
Han har gjort ende på døden
og ført udødeleg liv
fram i lyset ved evangeliet.
11  t t For det er eg sett til herold, apostel og lærar.

12 Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.
13  t Lat dei sunne orda du har høyrt av meg, vera ditt føredøme i tru og kjærleik i Kristus Jesus.

14 t Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg, ved Den heilage ande som bur i oss!
15  t t Du veit at alle i Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelos og Hermogenes. 16 t Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden til Onesiforos! For han har mange gonger sett mot i meg, og han skamma seg ikkje over lenkjene mine. 17 Nei, då han kom til Roma, leita han ivrig etter meg til han fann meg. 18 t Må Herren la han finna miskunn hos Herren på den store dagen! Kor mykje han har gjort i tenesta si i Efesos, veit du best sjølv.

2 TIMOTHY 1

1 From Paul, an apostle of Christ Jesus.
God himself chose me to be an apostle, and he gave me the promised life that Jesus Christ makes possible.

2  t Timothy, you are like a dear child to me. I pray that God our Father and our Lord Christ Jesus will be kind and merciful to you and will bless you with peace!

Do Not Be Ashamed //of the Lord


3 Night and day I mention you in my prayers. I am always grateful for you, as I pray to the God my ancestors and I have served with a clear conscience. 4 I remember how you cried, and I want to see you, because this would make me truly happy. 5 t I also remember the genuine faith of your mother Eunice. Your grandmother Lois had the same sort of faith, and I am sure you have it as well. 6 So I ask you to make full use of the gift God gave you when I placed my hands on you.t Use it well.

7 God's Spiritt doesn't make cowards out of us. The Spirit gives us power, love, and self-control.

8 Don't be ashamed to speak for our Lord. And don't be ashamed of me, just because I am in jail for serving him. Use the power that comes from God and join with me in suffering for telling the good news.

9 God saved us and chose us
to be his holy people.
We did nothing
to deserve this,
but God planned it
because he is so kind.
Even before time began
God planned for Christ Jesus
to show kindness to us.

10 Now Christ Jesus has come
to offer us God's gift
of undeserved grace.
Christ our Savior defeated death
and brought us
the good news.
It shines like a light
and offers life
that never ends.
11  t My work is to be a preacher, an apostle, and a teacher.t 12 This is why I am suffering now. But I am not ashamed! I know the one I have faith in, and I am sure he can guard until the last day what he has trusted me with.t 13 Now follow the example of the correct teaching I gave you, and let the faith and love of Christ Jesus be your model.

14 You have been trusted with a wonderful treasure. Guard it with the help of the Holy Spirit, who lives within us.

15 You know that everyone in Asia has turned against me, especially Phygelus and Hermogenes.
16 I pray that the Lord will be kind to the family of Onesiphorus. He often cheered me up and wasn't ashamed of me when I was put in jail. 17 Then after he arrived in Rome, he searched everywhere until he found me. 18 I pray that the Lord Jesus will ask God to show mercy to Onesiphorus on the day of judgment. You know how much he helped me in Ephesus.