2. Timoteus 1
Helsing
1 Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus,
2 helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!tApostelen og læresveinen hans
3 Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag. t 4 Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad.
5 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.t
6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! t 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. t 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. t t 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, t 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. t 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. t
12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. t
14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.t
15 Du veit at alle frå Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelus og Hermogenes. t 16 Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden åt Onesiforos. For han har mange gonger sett mot i meg, og han skjemdest ikkje ved lekkjene mine. t 17 Då han kom til Roma, leita han ihuga etter meg til han fann meg. 18 Gjev Herren må la han få miskunn hjå Herren på domedag! Alt det han har gjort gjennom tenesta si i Efesos, kjenner du best til sjølv.t
2 TIMOTHY 1
1 From Paul, an apostle of Christ Jesus.
God himself chose me to be an apostle, and he gave me the promised life that Jesus Christ makes possible.
2 t Timothy, you are like a dear child to me. I pray that God our Father and our Lord Christ Jesus will be kind and merciful to you and will bless you with peace!Do Not Be Ashamed //of the Lord
3 Night and day I mention you in my prayers. I am always grateful for you, as I pray to the God my ancestors and I have served with a clear conscience. 4 I remember how you cried, and I want to see you, because this would make me truly happy. 5 t I also remember the genuine faith of your mother Eunice. Your grandmother Lois had the same sort of faith, and I am sure you have it as well. 6 So I ask you to make full use of the gift God gave you when I placed my hands on you.t Use it well.
7 God's Spiritt doesn't make cowards out of us. The Spirit gives us power, love, and self-control.
8 Don't be ashamed to speak for our Lord. And don't be ashamed of me, just because I am in jail for serving him. Use the power that comes from God and join with me in suffering for telling the good news.
9 God saved us and chose us
to be his holy people.
We did nothing
to deserve this,
but God planned it
because he is so kind.
Even before time began
God planned for Christ Jesus
to show kindness to us.
10 Now Christ Jesus has come
to offer us God's gift
of undeserved grace.
Christ our Savior defeated death
and brought us
the good news.
It shines like a light
and offers life
that never ends.
11 t My work is to be a preacher, an apostle, and a teacher.t 12 This is why I am suffering now. But I am not ashamed! I know the one I have faith in, and I am sure he can guard until the last day what he has trusted me with.t 13 Now follow the example of the correct teaching I gave you, and let the faith and love of Christ Jesus be your model.
14 You have been trusted with a wonderful treasure. Guard it with the help of the Holy Spirit, who lives within us.
15 You know that everyone in Asia has turned against me, especially Phygelus and Hermogenes.
16 I pray that the Lord will be kind to the family of Onesiphorus. He often cheered me up and wasn't ashamed of me when I was put in jail. 17 Then after he arrived in Rome, he searched everywhere until he found me. 18 I pray that the Lord Jesus will ask God to show mercy to Onesiphorus on the day of judgment. You know how much he helped me in Ephesus.