previous next

2. Timoteus 3

Menneska i dei siste tidene

1  t Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. 2 tt Då skal folk vera sjølvopptekne og pengegriske, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame og utan tanke for det heilage, 3 ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan herredøme over seg sjølve, råe, utan kjærleik til det gode, 4 svikefulle, oppfarande og store i eigne auge. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud. 5 Dei er gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta. Vend deg bort frå slike folk! 6 t Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over svake kvinner som er tyngde av synder, slike kvinner som lèt seg driva av mange slag lyster, 7 og som alltid får undervising, men aldri kan læra sanninga å kjenna. 8 tt Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål.

9 Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal bli klårt for alle kor vitlause dei er. Slik gjekk det òg med Jannes og Jambres.

Hald fast på det du har lært


10 Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut, 11 t og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle. 12 t Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde. 13 Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill. 14 t Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. 15 t Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16 tt Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, 17 så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.

2 TIMOTHY 3

What People Will Be Like //in the Last Days

1 You can be certain that in the last days there will be some very hard times. 2 People will love only themselves and money. They will be proud, stuck-up, rude, and disobedient to their parents. They will also be ungrateful, godless, 3 heartless, and hateful. Their words will be cruel, and they will have no self-control or pity. These people will hate everything good. 4 They will be sneaky, reckless, and puffed up with pride. Instead of loving God, they will love pleasure.

5 Even though they will make a show of being religious, their religion won't be real. Don't have anything to do with such people.
6 Some men fool whole families, just to get power over those women who are slaves of sin and are controlled by all sorts of desires. 7 These women always want to learn something new, but they never can discover the truth. 8 t Just as Jannes and Jambrest opposed Moses, these people are enemies of the truth. Their minds are sick, and their faith isn't real.

9 But they won't get very far with their foolishness. Soon everyone will know the truth about them, just as Jannes and Jambres were found out.

Paul's Last Instructions //to Timothy


10 Timothy, you know what I teach and how I live. You know what I want to do and what I believe. You have seen how patient and loving I am, and how in the past I put up with 11 t trouble and suffering in the cities of Antioch, Iconium, and Lystra. Yet the Lord rescued me from all those terrible troubles. 12 In fact, anyone who belongs to Christ Jesus and wants to live right will have trouble from others.

13 But evil people who pretend to be what they are not will become worse than ever, as they fool others and are fooled themselves.
14 Keep on being faithful to what you were taught and to what you believed. After all, you know who taught you these things. 15 Since childhood, you have known the Holy Scriptures that are able to make you wise enough to have faith in Christ Jesus and be saved. 16 Everything in the Scriptures is God's Word. All of it is useful for teaching and helping people and for correcting them and showing them how to live. 17 The Scriptures train God's servants to do all kinds of good deeds.