Apostelgjerningane 2
Anden kjem pinsedagen
1 Då pinsedagen kom, var dei alle samla. t 2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. t 3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.
4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.t
5 I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? t 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål – 9 partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne, 11 jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» t 12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»
13 Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»Peters tale og den fyrste kyrkjelyden
14 Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei:
Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine! 15 Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.
16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
17 I dei siste dagar skal det henda, ¬seier Gud,
at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord,
dei unge mennene ¬skal sjå syner,
og dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar. t
18 Jamvel over trælane ¬og trælkvinnene mine
vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagar,
og dei skal tala profetisk.
19 Eg lèt teikn syna seg ¬oppe på himmelen
og teikn nede på jorda:
blod og eld og røykskyer.
20 Sola skal mørkjast
og månen verta som blod,
før Herrens dag kjem, ¬den store og strålande.
21 Og kvar den som kallar ¬på Herrens namn,
skal verta frelst. t
22 Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til. t 23 Han vart gjeven i dykkar hand så som Gud føreåt hadde fastsett og visste om, og de lét menn som ikkje kjenner Guds lov, nagla han til krossen og drepa han. 24 Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han. t
25 For David seier om han:t
Alltid hadde eg augo vende ¬mot Herren,
for han er ved mi høgre side,
så eg ikkje skal rikkast.
26 Difor var det glede i mitt hjarta
og jubel på mi tunge,
ja, jamvel lekamen ¬skal bu med von.
27 ¬For du skal ikkje la mi sjel
verta verande i dødsriket
og ikkje la din Heilage ¬gå til grunne.
28 Du har lært meg livsens vegar,
og du skal fylla meg med glede ¬for ditt åsyn.
29 Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag. t 30 Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans. t 31 Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne. t 32 Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om. t 33 Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer. t
34 For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier:t
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
35 til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!
36 Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.t
37 Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?» t 38 Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. t t 39 For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.» t 40 Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!» t 41 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. t 42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. t t 43 Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. t 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. t 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede. t 47 Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.t
ACTS 2
The Coming of the Holy Spirit
1 t On the day of Pentecostt all the Lord's followers were together in one place. 2 Suddenly there was a noise from heaven like the sound of a mighty wind! It filled the house where they were meeting. 3 Then they saw what looked like fiery tongues moving in all directions, and a tongue came and settled on each person there.
4 The Holy Spirit took control of everyone, and they began speaking whatever languages the Spirit let them speak.
5 Many religious Jews from every country in the world were living in Jerusalem. 6 And when they heard this noise, a crowd gathered. But they were surprised, because they were hearing everything in their own languages.
7 They were excited and amazed, and said:
Don't all these who are speaking come from Galilee? 8 Then why do we hear them speaking our very own languages? 9 Some of us are from Parthia, Media, and Elam. Others are from Mesopotamia, Judea, Cappadocia, Pontus, Asia, 10 Phrygia, Pamphylia, Egypt, parts of Libya near Cyrene, Rome,
11 Crete, and Arabia. Some of us were born Jews, and others of us have chosen to be Jews. Yet we all hear them using our own languages to tell the wonderful things God has done.
12 Everyone was excited and confused. Some of them even kept asking each other, “What does all this mean?”
13 Others made fun of the Lord's followers and said, “They are drunk.”Peter Speaks to the Crowd
14 Peter stood with the eleven apostles and spoke in a loud and clear voice to the crowd:
Friends and everyone else living in Jerusalem, listen carefully to what I have to say! 15 You are wrong to think that these people are drunk. After all, it is only nine o'clock in the morning.
16 But this is what God told the prophet Joel to say,
17 t “When the last days come,
I will give my Spirit
to everyone.
Your sons and daughters
will prophesy.
Your young men
will see visions,
and your old men
will have dreams.
18 In those days I will give
my Spirit to my servants,
both men and women,
and they will prophesy.
19 I will work miracles
in the sky above
and wonders
on the earth below.
There will be blood and fire
and clouds of smoke.
20 The sun will turn dark,
and the moon
will be as red as blood
before the great
and wonderful day
of the Lord appears.
21 Then the Lord
will save everyone
who asks for his help.”
22 Now, listen to what I have to say about Jesus from Nazareth. God proved he sent Jesus to you by having him work miracles, wonders, and signs. All of you know this. 23 t God had already planned and decided that Jesus would be handed over to you. So you took him and had evil men put him to death on a cross. 24 t But God set him free from death and raised him to life. Death could not hold him in its power.
25 t What David said are really the words of Jesus,
“I always see the Lord
near me,
and I will not be afraid
with him at my right side.
26 Because of this,
my heart will be glad,
my words will be joyful,
and I will live in hope.
27 The Lord won't leave me
in the grave.
I am his holy one,
and he won't let
my body decay.
28 He has shown me
the path to life,
and he makes me glad
by being near me.”
29 My friends, it is right for me to speak to you about our ancestor David. He died and was buried, and his tomb is still here.
30 t But David was a prophet, and he knew that God had made a promise he would not break. He had told David someone from his own family would someday be king.
31 David knew this would happen, and so he told us Christ would be raised to life. He said God would not leave him in the grave or let his body decay.
32 All of us can tell you that God has raised Jesus to life!
33 Jesus was taken up to sit at the right sidet of God, and he was given the Holy Spirit, just as the Father had promised. Jesus is also the one who has given the Spirit to us, and this is what you are now seeing and hearing.
34 t David didn't go up to heaven. So he wasn't talking about himself when he said, “The Lord told my Lord to sit at his right side, 35 until he made my Lord's enemies into a footstool for him.”
36 Everyone in Israel should then know for certain that God has made Jesus both Lord and Christ, even though you put him to death on a cross.
37 When the people heard this, they were very upset. They asked Peter and the other apostles, “Friends, what should we do?”
38 Peter said to them, “Turn to God and be baptized, every one of you, in the name of Jesus Christ for the forgiveness of your sins, and you will receive the gift of the Holy Spirit.
39 This promise is for you and your children. It is for everyone our Lord God will choose, no matter where they live.”
40 Peter told them many other things as well. Then he said, “I beg you to save yourselves from what will happen to all these evil people.” 41 On that day about 3,000 believed his message and were baptized.
42 They spent their time learning from the apostles, and they were like family to each other. They also broke breadt and prayed together.Life among the Lord's Followers
43 Everyone was amazed by the many miracles and wonders that the apostles worked. 44 t All the Lord's followers often met together, and they shared everything they had. 45 They would sell their property and possessions and give the money to whoever was in need. 46 Day after day they met together in the temple. They broke breadt together in different homes and shared their food happily and freely, 47 while praising God. Everyone liked them, and each day the Lord added to their group others who were being saved.