previous next

Kolossarane 3

Det gamle og det nye mennesket

1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. t 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. t 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. t

4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.t
5 Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. t 6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. t 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. t 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. t

11 Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle.t t
12 De er Guds utvalde, helga og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame, t 13 så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. t 14 Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar. t 15 Lat Kristi fred rå i hjarto dykkar, for til det vart de kalla då de vart ein lekam. Og ver takksame! t 16 Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, så de med visdom kan læra og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar; syng for Gud med takk i hjarta! t

17 Og alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han.t

Heim og huslyd


18 De koner skal underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg for kristne. t 19 De menn skal elska konene dykkar og ikkje vera harde mot dei. t 20 De born skal vera lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til hugnad for Herren. t 21 De fedrar skal ikkje stella dykk såleis med borna at dei vert arge og misser motet. t 22 De trælar skal lyda dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarta og i age for Herren. t 23 Alt de gjer, skal de gjera viljug, som for Herren og ikkje for menneske. 24 For de veit at de skal få arven til løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena. 25 Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje skilnad på folk.t

COLOSSIANS 3

1  t You have been raised to life with Christ. Now set your heart on what is in heaven, where Christ rules at God's right side.t 2 Think about what is up there, not about what is here on earth. 3 You died, which means that your life is hidden with Christ, who sits beside God.

4 Christ gives meaning to yourt life, and when he appears, you will also appear with him in glory.
5 Don't be controlled by your body. Kill every desire for the wrong kind of sex. Don't be immoral or indecent or have evil thoughts. Don't be greedy, which is the same as worshiping idols. 6 God is angry with people who disobey him by doingt these things. 7 And this is exactly what you did, when you lived among people who behaved in this way. 8 But now you must stop doing such things. You must quit being angry, hateful, and evil. You must no longer say insulting or cruel things about others.

9 t And stop lying to each other. You have given up your old way of life with its habits.
10  t Each of you is now a new person. You are becoming more and more like your Creator, and you will understand him better.

11 It doesn't matter if you are a Greek or a Jew, or if you are circumcised or not. You may even be a barbarian or a Scythian, t and you may be a slave or a free person. Yet Christ is all that matters, and he lives in all of us.
12  t God loves you and has chosen you as his own special people. So be gentle, kind, humble, meek, and patient. 13 t Put up with each other, and forgive anyone who does you wrong, just as Christ has forgiven you.

14 Love is more important than anything else. It is what ties everything completely together.
15 Each one of you is part of the body of Christ, and you were chosen to live together in peace. So let the peace that comes from Christ control your thoughts. And be grateful. 16 t Let the message about Christ completely fill your lives, while you use all your wisdom to teach and instruct each other. With thankful hearts, sing psalms, hymns, and spiritual songs to God.

17 Whatever you say or do should be done in the name of the Lord Jesus, as you give thanks to God the Father because of him.

Some Rules for Christian Living


18  t A wife must put her husband first. This is her duty as a follower of the Lord.

19  t A husband must love his wife and not abuse her.

20  t Children must always obey their parents. This pleases the Lord.

21  t Parents, don't be hard on your children. If you are, they might give up.
22  t Slaves, you must always obey your earthly masters. Try to please them at all times, and not just when you think they are watching. Honor the Lord and serve your masters with your whole heart. 23 Do your work willingly, as though you were serving the Lord himself, and not just your earthly master. 24 In fact, the Lord Christ is the one you are really serving, and you know he will reward you. 25 t But Christ has no favorites! He will punish evil people, just as they deserve.