Efesarane 2
Frå død til liv
1 t De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 tt De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige.
3 t Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre.
4 t Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 t gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 t så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 t For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 t Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.
10 t For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.Kristus sameinar heidningar og jødar
11 t De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 t Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda.
13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.
14 t t For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp 15 t sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. 16 t I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. 17 t Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 t Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. 19 t Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. 20 tt De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 t I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren, 22 og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
EPHESIANS 2
From Death to Life
1 t In the past you were dead because you sinned and fought against God. 2 You followed the ways of this world and obeyed the devil. He rules the world, and his spirit has power over everyone who doesn't obey God.
3 Once we were also ruled by the selfish desires of our bodies and minds. We had made God angry, and we were going to be punished like everyone else.
4-5 But God was merciful! We were dead because of our sins, but God loved us so much he made us alive with Christ, and God's gift of undeserved grace is what saves you. 6 God raised us from death to life with Christ Jesus, and he has given us a place beside Christ in heaven. 7 God did this so in the future world he could show how truly good and kind he is to us because of what Christ Jesus has done. 8 You were saved by faith in God, who treats us much better than we deserve.t This is God's gift to you, and not anything you have done on your own. 9 It isn't something you have earned, so there is nothing you can brag about.
10 God planned for us to do good things and to live as he has always wanted us to live. This is why he sent Christ to make us what we are.United by Christ
11 Don't forget that you are Gentiles. In fact, you used to be called “uncircumcised” by those who take pride in being circumcised. 12 At that time you did not know about Christ. You were foreigners to the people of Israel, and you had no part in the promises God had made to them. You were living in this world without hope and without God,
13 and you were far from God. But Christ offered his life's blood as a sacrifice and brought you near God.
14 Christ has made peace between Jews and Gentiles, and he has united us by breaking down the wall of hatred that separated us. Christ gave his own body 15 t to destroy the Law of Moses with all its rules and commands. He even brought Jews and Gentiles together as though we were only one person, when he united us in peace. 16 t On the cross Christ did away with our hatred for each other. He also made peacet between us and God by uniting Jews and Gentiles in one body. 17 t Christ came and preached peace to you Gentiles, who were far from God, and peace to us Jews, who were near God.
18 And because of Christ, all of us can come to the Father by the same Spirit.
19 You Gentiles are no longer strangers and foreigners. You are citizens with everyone else who belongs to the family of God. 20 You are like a building with the apostles and prophets as the foundation and with Christ as the most important stone. 21 Christ is the one who holds the building together and makes it grow into a holy temple for the Lord. 22 And you are part of that building Christ has built as a place for God's own Spirit to live.