Efesarane 4
Einskapen i kyrkja
1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. t 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. t 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: t 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, t 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, t
6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.t
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. t
8 Difor står det:t
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? t 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. t 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, t
13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.t
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. t 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. t
16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.tDet gamle og det nye mennesket
17 Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, t 18 vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. t 19 Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. 20 Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! 21 De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. 22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. t 23 De må fornyast i sjel og sinn
24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.t
25 Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til. t 26 Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! t 27 Lat ikkje djevelen sleppa til!
28 Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.t
29 Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på. t 30 Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen. t 31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. t 32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.t
EPHESIANS 4
Unity with Christ
1 As a prisoner of the Lord, I beg you to live in a way that is worthy of the people God has chosen to be his own. 2 t Always be humble and gentle. Patiently put up with each other and love each other. 3 Try your best to let God's Spirit keep your hearts united. Do this by living at peace. 4 All of you are part of the same body. There is only one Spirit of God, just as you were given one hope when you were chosen to be God's people. 5 We have only one Lord, one faith, and one baptism.
6 There is one God who is the Father of all people. Not only is God above all others, but he works by using all of us, and he lives in all of us.
7 Christ has generously divided out his gifts to us.
8 t As the Scriptures say,
“When he went up
to the highest place,
he led away many prisoners
and gave gifts to people.”
9 When it says, “he went up,” it means that Christ had been deep in the earth.
10 This also means that the one who went deep into the earth is the same one who went into the highest heaven, so he would fill the whole universe.
11 Christ chose some of us to be apostles, prophets, missionaries, pastors, and teachers, 12 so his people would learn to serve and his body would grow strong.
13 This will continue until we are united by our faith and by our understanding of the Son of God. Then we will be mature, just as Christ is, and we will be completely like him.t
14 We must stop acting like children. We must not let deceitful people trick us by their false teachings, which are like winds that toss us around from place to place. 15 Love should always make us tell the truth. Then we will grow in every way and be more like Christ, the head
16 t of the body. Christ holds it together and makes all of its parts work perfectly, as it grows and becomes strong because of love.The Old Life and //the New Life
17 As a follower of the Lord, I order you to stop living like stupid, godless people. 18 Their minds are in the dark, and they are stubborn and ignorant and have missed out on the life that comes from God. They no longer have any feelings about what is right,
19 and they are so greedy they do all kinds of indecent things.
20-21 But this isn't what you were taught about Jesus Christ. He is the truth, and you heard about him and learned about him. 22 t You were told that your foolish desires will destroy you and that you must give up your old way of life with all its bad habits. 23 Let the Spirit change your way of thinking
24 t and make you into a new person. You were created to be like God, and so you must please him and be truly holy.Rules for the New Life
25 t We are part of the same body. Stop lying and start telling each other the truth. 26 t Don't get so angry that you sin. Don't go to bed angry
27 and don't give the devil a chance.
28 If you are a thief, quit stealing. Be honest and work hard, so you will have something to give to people in need.
29 Stop all your dirty talk. Say the right thing at the right time and help others by what you say.
30 Don't make God's Spirit sad. The Spirit makes you sure that someday you will be free from your sins.
31 Stop being bitter and angry and mad at others. Don't yell at one another or curse each other or ever be rude. 32 t Instead, be kind and merciful, and forgive others, just as God forgave you because of Christ.