previous next

Efesarane 4

Einskapen i kyrkja

1  t Så legg eg dykk på hjartet, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått: 2 t mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik.

3 t Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman:

4  t éin kropp og éin Ande,
liksom de fekk éi von då de vart kalla,

5  t éin Herre, éi tru, éin dåp,

6  t éin Gud og Far for alle,
han som er over alle
og gjennom alle og i alle.
7  t Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt.

8 t Difor heiter det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar,
han gav menneska gåver.
9  t t Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda? 10 Han som steig ned, er den same som steig opp , høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 t Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 t Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp,

13 t til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.
14  t Så skal vi ikkje lenger vera umyndige småborn, ikkje bli kasta hit og dit og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 t Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

16 t Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.

Det gamle og det nye mennesket


17  t Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme, 18 t vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda.

19 Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.
20 Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna! 21 For de har høyrt han og vorte underviste i han etter den sanninga som er i Jesus. 22 t Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene. 23 Bli nye i sjel og sinn!

24 t Kled dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
25  t Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til. 26 t Blir de harme, så synd ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! 27 Gjev ikkje djevelen rom!

28 t Den som stal, skal ikkje lenger stela, men arbeida og gjera noko nyttig med sine eigne hender, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
29  t Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på. 30 tt Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut. 31 t Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. 32 t Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

EPHESIANS 4

Unity with Christ

1 As a prisoner of the Lord, I beg you to live in a way that is worthy of the people God has chosen to be his own. 2 t Always be humble and gentle. Patiently put up with each other and love each other. 3 Try your best to let God's Spirit keep your hearts united. Do this by living at peace. 4 All of you are part of the same body. There is only one Spirit of God, just as you were given one hope when you were chosen to be God's people. 5 We have only one Lord, one faith, and one baptism.

6 There is one God who is the Father of all people. Not only is God above all others, but he works by using all of us, and he lives in all of us.
7 Christ has generously divided out his gifts to us.

8 t As the Scriptures say,
“When he went up
to the highest place,
he led away many prisoners
and gave gifts to people.”
9 When it says, “he went up,” it means that Christ had been deep in the earth.

10 This also means that the one who went deep into the earth is the same one who went into the highest heaven, so he would fill the whole universe.
11 Christ chose some of us to be apostles, prophets, missionaries, pastors, and teachers, 12 so his people would learn to serve and his body would grow strong.

13 This will continue until we are united by our faith and by our understanding of the Son of God. Then we will be mature, just as Christ is, and we will be completely like him.t
14 We must stop acting like children. We must not let deceitful people trick us by their false teachings, which are like winds that toss us around from place to place. 15 Love should always make us tell the truth. Then we will grow in every way and be more like Christ, the head

16 t of the body. Christ holds it together and makes all of its parts work perfectly, as it grows and becomes strong because of love.

The Old Life and //the New Life


17 As a follower of the Lord, I order you to stop living like stupid, godless people. 18 Their minds are in the dark, and they are stubborn and ignorant and have missed out on the life that comes from God. They no longer have any feelings about what is right,

19 and they are so greedy they do all kinds of indecent things.
20-21 But this isn't what you were taught about Jesus Christ. He is the truth, and you heard about him and learned about him. 22 t You were told that your foolish desires will destroy you and that you must give up your old way of life with all its bad habits. 23 Let the Spirit change your way of thinking

24 t and make you into a new person. You were created to be like God, and so you must please him and be truly holy.

Rules for the New Life


25  t We are part of the same body. Stop lying and start telling each other the truth. 26 t Don't get so angry that you sin. Don't go to bed angry

27 and don't give the devil a chance.

28 If you are a thief, quit stealing. Be honest and work hard, so you will have something to give to people in need.

29 Stop all your dirty talk. Say the right thing at the right time and help others by what you say.

30 Don't make God's Spirit sad. The Spirit makes you sure that someday you will be free from your sins.
31 Stop being bitter and angry and mad at others. Don't yell at one another or curse each other or ever be rude. 32 t Instead, be kind and merciful, and forgive others, just as God forgave you because of Christ.