previous next

Galatarane 3

Lov eller tru – forbanning eller velsigning

1  t Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste? 2 t Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 t Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet? 4 Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte? 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur? 6 t Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig. 7 t Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 tt Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 t Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 t Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 t Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. 12 t Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei. 13 t Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.

14 t Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.

Lovnaden står over lova


15  t Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske. 16 t Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det gjaldt mange, men det blir tala om éin, « til di ætt », og det er Kristus. 17 t Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig.

18 t Om vi fekk arven ved lova, ville det ikkje lenger vera på grunn av lovnaden. Men det var ved ein lovnad Gud i sin nåde gav arven til Abraham.
19  t t Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann. 20 Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin. 21 t Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For dersom det var gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne ein verkeleg vinna rettferda ved lova.

22 t Men Skrifta har lagt alt under synda, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved trua si kan få det som var lova.
23  t Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24 tt Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26 t De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27 t For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28 t Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29 t Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.

GALATIANS 3

Faith Is the Only Way

1 You stupid Galatians! I told you exactly how Jesus Christ was nailed to a cross. Has someone now put an evil spell on you? 2 I want to know only one thing. How were you given God's Spirit? Was it by obeying the Law of Moses or by hearing about Christ and having faith in him? 3 How can you be so stupid? Do you think that by yourself you can complete what God's Spirit started in you? 4 Have you gone through all of this for nothing? Is it all really for nothing?

5 God gives you his Spirit and works miracles in you. But does he do this because you obey the Law of Moses or because you have heard about Christ and have faith in him?
6  t The Scriptures say that God accepted Abraham because Abraham had faith. 7 t And so, you should understand that everyone who has faith is a child of Abraham.t 8 t Long ago the Scriptures said God would accept the Gentiles because of their faith. This is why God told Abraham the good news that all nations would be blessed because of him.

9 This means everyone who has faith will share in the blessings given to Abraham because of his faith.
10  t Anyone who tries to please God by obeying the Law is under a curse. The Scriptures say, “Everyone who doesn't obey everything in the Law is under a curse.”

11 t No one can please God by obeying the Law. The Scriptures also say, “The people God accepts because of their faith will live.”t
12  t The Law isn't based on faith. It promises life only to people who obey its commands. 13 t But Christ rescued us from the Law's curse, when he became a curse in our place. This is because the Scriptures say that anyone who is nailed to a tree is under a curse.

14 And because of what Jesus Christ has done, the blessing promised to Abraham was taken to the Gentiles. This happened so that by faith we would be given the promised Holy Spirit.

The Law and the Promise


15 My friends, I will use an everyday example to explain what I mean. Once someone agrees to something, no one else can change or cancel the agreement.t 16 That is how it is with the promises God made to Abraham and his descendant.t The promises were not made to many descendants, but only to one, and that one is Christ. 17 t What I am saying is that the Law cannot change or cancel God's promise made 430 years before the Law was given.

18 t If we have to obey the Law in order to receive God's blessings, those blessings don't really come to us because of God's promise. But God was kind to Abraham and made him a promise.
19 What is the use of the Law? It was given later to show that we sin. But it was only supposed to last until the coming of that descendantt who was given the promise. In fact, angels gave the Law to Moses, and he gave it to the people.

20 There is only one God, and the Law did not come directly from him.

Slaves and Children


21 Does the Law disagree with God's promises? No, it doesn't! If any law could give life to us, we could become acceptable to God by obeying that law.

22 But the Scriptures say that sin controls everyone, so that God's promises will be for anyone who has faith in Jesus Christ.
23 The Law controlled us and kept us under its power until the time came when we would have faith. 24 In fact, the Law was to be our teacher until Christ came. Then we could have faith and be acceptable to God.

25 But once a person has learned to have faith, there is no more need to have the Law as a teacher.
26 All of you are God's children because of your faith in Christ Jesus. 27 And when you were baptized, it was as though you had put on Christ in the same way you put on new clothes. 28 Faith in Christ Jesus is what makes each of you equal with each other, whether you are a Jew or a Greek, a slave or a free person, a man or a woman. 29 t So if you belong to Christ, you are now part of Abraham's family, t and you will be given what God has promised.