previous next

Galatarane 3

Lov eller tru – forbanning eller velsigning

1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? t 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? t 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. t 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. t 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. t 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. t 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. t 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. t 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. t 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. t

14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.t

Lova og lovnaden om barnekår


15 Brør, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit lovleg testamente kan ingen gjera om inkje eller gje noko tillegg, endå det er gjort berre av eit menneske. t 16 Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det galdt mange, men det vert tala om ein, «til di ætt», og det er Kristus. t 17 Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til sides av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden ikkje skulle gjelda lenger. t

18 Får vi arven ved lova, vert han ikkje gjeven på grunn av lovnaden. Men det var då ved ein lovnad at Gud i sin nåde gav arven til Abraham.t
19 Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg og skulle gjera klårt kva lovbrot er, til dess den ætta kom som lovnaden galdt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann. t t 20 Men ein mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin. 21 Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For var det gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne rettferda vinnast ved lova. t 22 Men Skrifta har lagt alt under synd, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved si tru kan få det som var lova. t 23 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde til dess ho vart openberra, den trua som skulle koma. t 24 På den måten var lova vaktaren vår fram til Kristus, for at vi skulle seiast rettferdige ved trua. t 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26 De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. t 27 For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledt dykk Kristus. t 28 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus. t 29 Og høyrer de Kristus til, er de Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden.t

GALATIANS 3

Faith Is the Only Way

1 You stupid Galatians! I told you exactly how Jesus Christ was nailed to a cross. Has someone now put an evil spell on you? 2 I want to know only one thing. How were you given God's Spirit? Was it by obeying the Law of Moses or by hearing about Christ and having faith in him? 3 How can you be so stupid? Do you think that by yourself you can complete what God's Spirit started in you? 4 Have you gone through all of this for nothing? Is it all really for nothing?

5 God gives you his Spirit and works miracles in you. But does he do this because you obey the Law of Moses or because you have heard about Christ and have faith in him?
6  t The Scriptures say that God accepted Abraham because Abraham had faith. 7 t And so, you should understand that everyone who has faith is a child of Abraham.t 8 t Long ago the Scriptures said God would accept the Gentiles because of their faith. This is why God told Abraham the good news that all nations would be blessed because of him.

9 This means everyone who has faith will share in the blessings given to Abraham because of his faith.
10  t Anyone who tries to please God by obeying the Law is under a curse. The Scriptures say, “Everyone who doesn't obey everything in the Law is under a curse.”

11 t No one can please God by obeying the Law. The Scriptures also say, “The people God accepts because of their faith will live.”t
12  t The Law isn't based on faith. It promises life only to people who obey its commands. 13 t But Christ rescued us from the Law's curse, when he became a curse in our place. This is because the Scriptures say that anyone who is nailed to a tree is under a curse.

14 And because of what Jesus Christ has done, the blessing promised to Abraham was taken to the Gentiles. This happened so that by faith we would be given the promised Holy Spirit.

The Law and the Promise


15 My friends, I will use an everyday example to explain what I mean. Once someone agrees to something, no one else can change or cancel the agreement.t 16 That is how it is with the promises God made to Abraham and his descendant.t The promises were not made to many descendants, but only to one, and that one is Christ. 17 t What I am saying is that the Law cannot change or cancel God's promise made 430 years before the Law was given.

18 t If we have to obey the Law in order to receive God's blessings, those blessings don't really come to us because of God's promise. But God was kind to Abraham and made him a promise.
19 What is the use of the Law? It was given later to show that we sin. But it was only supposed to last until the coming of that descendantt who was given the promise. In fact, angels gave the Law to Moses, and he gave it to the people.

20 There is only one God, and the Law did not come directly from him.

Slaves and Children


21 Does the Law disagree with God's promises? No, it doesn't! If any law could give life to us, we could become acceptable to God by obeying that law.

22 But the Scriptures say that sin controls everyone, so that God's promises will be for anyone who has faith in Jesus Christ.
23 The Law controlled us and kept us under its power until the time came when we would have faith. 24 In fact, the Law was to be our teacher until Christ came. Then we could have faith and be acceptable to God.

25 But once a person has learned to have faith, there is no more need to have the Law as a teacher.
26 All of you are God's children because of your faith in Christ Jesus. 27 And when you were baptized, it was as though you had put on Christ in the same way you put on new clothes. 28 Faith in Christ Jesus is what makes each of you equal with each other, whether you are a Jew or a Greek, a slave or a free person, a man or a woman. 29 t So if you belong to Christ, you are now part of Abraham's family, t and you will be given what God has promised.