Galatarane 5
Kristen fridom
1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. t 2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. t 3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. t 4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. t 7 De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8 Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette. 9 Litt surdeig syrer heile deigen. t 10 Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. t 11 Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger. t
12 Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp!
13 De er kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for den syndige naturen, men ten kvarandre i kjærleik. t 14 For heile lova kan samanfattast i det eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. t
15 Men når de bit og glefser etter kvarandre, så ta dykk i vare at de ikkje et kvarandre opp.Anden og menneskenaturen
16 Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då gjer de ikkje det som den syndige naturen trår etter. 17 For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. t 18 Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. t 19 Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse, t 20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, 21 misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike. 22 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, t 23 spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova. t 24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene. t 25 Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden. t 26 Lat oss ikkje vera drivne av æresykje, så vi eggjar kvarandre og misunner kvarandre.t
GALATIANS 5
Christ Gives Freedom
1 Christ has set us free! This means we are really free. Now hold on to your freedom and don't ever become slaves of the Law again.
2 I, Paul, promise you that Christ won't do you any good if you get circumcised. 3 If you do, you must obey the whole Law. 4 And if you try to please God by obeying the Law, you have cut yourself off from Christ and his gift of undeserved grace. 5 But the Spirit makes us sure God will accept us because of our faith in Christ.
6 If you are a follower of Christ Jesus, it makes no difference whether you are circumcised or not. All that matters is your faith that makes you love others.
7 You were doing so well until someone made you turn from the truth. 8 And that person was certainly not sent by the one who chose you. 9 t A little yeast can change a whole batch of dough,
10 but you belong to the Lord. This makes me certain you will do what I say, instead of what someone else tells you to do. Whoever is causing trouble for you will be punished.
11 My friends, if I still preach that people need to be circumcised, why am I in so much trouble? The message about the cross would no longer be a problem, if I told people to be circumcised.
12 I wish everyone who is upsetting you would not only get circumcised, but would cut off much more!
13 My friends, you were chosen to be free. So don't use your freedom as an excuse to do anything you want. Use it as an opportunity to serve each other with love. 14 t All the Law says can be summed up in the command to love others as much as you love yourself.
15 But if you keep attacking each other like wild animals, you had better watch out or you will destroy yourselves.God's Spirit //and Our Own Desires
16 If you are guided by the Spirit, you won't obey your selfish desires. 17 t The Spirit and your desires are enemies of each other. They are always fighting each other and keeping you from doing what you feel you should.
18 But if you obey the Spirit, the Law of Moses has no control over you.
19 People's desires make them give in to immoral ways, filthy thoughts, and shameful deeds. 20 They worship idols, practice witchcraft, hate others, and are hard to get along with. People become jealous, angry, and selfish. They not only argue and cause trouble, but they are
21 envious. They get drunk, carry on at wild parties, and do other evil things as well. I told you before, and I am telling you again: No one who does these things will share in the blessings of God's kingdom.
22 God's Spirit makes us loving, happy, peaceful, patient, kind, good, faithful, 23 gentle, and self-controlled. There is no law against behaving in any of these ways. 24 And because we belong to Christ Jesus, we have killed our selfish feelings and desires. 25 God's Spirit has given us life, and so we should follow the Spirit. 26 But don't be conceited or make others jealous by claiming to be better than they are.