previous next

Hebrearane 10

Kristi offer tek bort synda

1 Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne. t 2 Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd. 3 Men offera er kvart år ei påminning om synd.

4 For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder.t

5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda:t
Slaktoffer og gåve ¬ville du ikkje ha,
men ein lekam laga du til meg;

6 brennoffer og syndoffer ¬hadde du ikkje hug på.

7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg
og vil gjera din vilje, Gud.
I bokrullen er det skrive ¬om meg.
8 Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre.

10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.t
11 Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. t 12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. t 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. t

14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.t

15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:

16 Såleis er den pakta eg vil gjera
med dei i dagar som kjem. t
Og så seier han:
Eg vil leggja mine bod ¬i hjarto deira
og skriva dei i hugen deira.

17 Og syndene ¬og misgjerningane deira
vil eg aldri meir koma i hug.

18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Frimod og vedkjenning i kyrkjelyden


19 Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. t 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. t 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, t

22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.t
23 Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden. t 24 Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

25 Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.t
26 Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder. t 27 Fælsleg er det vi då har i vente: domen og Guds brennhug som skal øyda dei som står han imot. t 28 Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål. t 29 Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande? t 30 For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.» Og vidare: «Herren skal døma folket sitt.» t

31 Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud!t
32 Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med. t 33 Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same. t

34 De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de åtte, vart røva frå dykk. De visste at de eig noko som er betre og som varer.t
35 Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn.

36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.t

37 For enno er det berre ¬ei lita stund,
så kjem han som koma skal,
og han skal ikkje drya. t

38 Min rettferdige ¬skal leva ved tru;
men dreg han seg unna,
har eg ikkje hugnad i han. t
39 Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.t

HEBREWS 10

1 The Law of Moses is like a shadow of the good things to come. This shadow isn't the good things themselves, because it cannot free people from sin by the sacrifices offered year after year. 2 If there were worshipers who already have their sins washed away and their consciences made clear, there would not be any need to go on offering sacrifices.

3-4 But the blood of bulls and goats cannot take away sins. It only reminds people of their sins from one year to the next.

5  t When Christ came into the world, he said to God,
“Sacrifices and offerings
are not what you want,
but you have given me
my body.

6 No, you are not pleased
with animal sacrifices
and offerings for sin.”

7 Then Christ said,
“And so, my God,
I have come to do
what you want,
as the Scriptures say.”
8 The Law teaches that offerings and sacrifices must be made because of sin. But why did Christ mention these things and say that God did not want them? 9 Well, it was to do away with offerings and sacrifices and to replace them. This is what he meant by saying to God, “I have come to do what you want.”

10 So we are made holy because Christ obeyed God and offered himself once for all.
11  t The priests do their work each day, and they keep on offering sacrifices that can never take away sins. 12 t But Christ offered himself as a sacrifice that is good forever. Now he is sitting at God's right side, t 13 and he will stay there until his enemies are put under his power.

14 By his one sacrifice he has forever set free from sin the people he brings to God.

15 The Holy Spirit also speaks of this by telling us that the Lord said,

16  t “When the time comes,
I will make an agreement
with them.
I will write my laws
on their minds and hearts.

17  t Then I will forget
about their sins
and no longer remember
their evil deeds.”

18 When sins are forgiven, there is no more need to offer sacrifices.

Encouragement and Warning


19 My friends, the blood of Jesus gives us courage to enter the most holy place

20 by a new way that leads to life! And this way takes us through the curtain that is Christ himself.
21 We have a great high priest who is in charge of God's house. 22 t So let's come near God with pure hearts and a confidence that comes from having faith. Let's keep our hearts pure, our consciences free from evil, and our bodies washed with clean water. 23 We must hold tightly to the hope we say is ours. After all, we can trust the one who made the agreement with us. 24 We should keep on encouraging each other to be thoughtful and to do helpful things.

25 Some people have given up the habit of meeting for worship, but we must not do that. We should keep on encouraging each other, especially since you know that the day of the Lord's coming is getting closer.
26 No sacrifices can be made for people who decide to sin after they find out about the truth. 27 t They are God's enemies, and all they can look forward to is a terrible judgment and a furious fire. 28 t If two or more witnesses accused someone of breaking the Law of Moses, that person could be put to death. 29 t But it is much worse to dishonor God's Son and to disgrace the blood of the promise that made us holy. And it is just as bad to insult the Holy Spirit, who shows us mercy. 30 t We know that God has said he will punish and take revenge. We also know that the Scriptures say the Lord will judge his people.

31 It is a terrible thing to fall into the hands of the living God!
32 Don't forget all the hard times you went through when you first received the light. 33 Sometimes you were abused and mistreated in public, and at other times you shared in the sufferings of others.

34 You were kind to people in jail. And you gladly let your possessions be taken away, because you knew you had something better, something that would last forever.
35 Keep on being brave! It will bring you great rewards. 36 Learn to be patient, so you will please God and be given what he has promised.

37 t As the Scriptures say,
“God is coming soon!
It won't be very long.

38 The people God accepts
will live because
of their faith.t
But he isn't pleased
with anyone
who turns back.”
39 We are not like those people who turn back and get destroyed. We will keep on having faith until we are saved.