previous next

Hebrearane 12

Trua sin opphavsmann og fullendar

1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, t 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. t

3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.t

Gud oppsedar oss


4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet.

5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:t
Son min, vanvørd ikkje ¬Herrens tukt,
miss ikkje motet ¬når han refser deg.

6 For den Herren elskar, ¬tuktar han,
og han refser kvar son ¬han tek seg av. t
7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? 10 For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom.

11 All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.t

12 Difor, rett dei hangande hender
og styrk dei skjelvande kne! t

13 Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt.t
14 Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren. t 15 Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta. t 16 Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat. t

17 De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending.t

Sinai og Sion


18 De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, t 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» t 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» t 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, t t 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, t

24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.t
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. t 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» t 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. t 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.t

HEBREWS 12

A Large Crowd of Witnesses

1  t Such a large crowd of witnesses is all around us! So we must get rid of everything that slows us down, especially the sin that just won't let go. And we must be determined to run the race that is ahead of us. 2 t We must keep our eyes on Jesus, who leads us and makes our faith complete. He endured the shame of being nailed to a cross, because he knew later on he would be glad he did. Now he is seated at the right sidet of God's throne!

3 So keep your mind on Jesus, who put up with many insults from sinners. Then you won't get discouraged and give up.
4 None of you have yet been hurtt in your battle against sin.

5 t But you have forgotten that the Scriptures say to God's children,
“When the Lord punishes you,
don't make light of it,
and when he corrects you,
don't be discouraged.

6 The Lord corrects the people
he loves
and disciplines those
he calls his own.”
7 Be patient when you are being corrected! This is how God treats his children. Don't all parents correct their children? 8 God corrects all his children, and if he doesn't correct you, then you don't really belong to him.

9 Our earthly fathers correct us, and we still respect them. Isn't it even better to be given true life by letting our spiritual Father correct us?
10 Our human fathers correct us for a short time, and they do it as they think best. But God corrects us for our own good, because he wants us to be holy, as he is.

11 It is never fun to be corrected. In fact, at the time it is always painful. But if we learn to obey by being corrected, we will do right and live at peace.
12  t Now stand up straight! Stop your knees from shaking

13 t and walk a straight path. Then lame people will be healed, instead of getting worse.

Warning against Turning from God


14 Try to live at peace with everyone! Live a clean life. If you don't, you will never see the Lord. 15 t Make sure no one misses out on God's wonderful kindness. Don't let anyone become bitter and cause trouble for the rest of you. 16 t Watch out for immoral and ungodly people like Esau, who sold his future blessingt for only one meal.

17 t You know how he later wanted it back. But there was nothing he could do to change things, even though he begged his father and cried.
18  t You have not come to a place like Mount Sinait that can be seen and touched. There is no flaming fire or dark cloud or storm 19 or trumpet sound. The people of Israel heard a voice speak. But they begged it to stop, 20 t because they could not obey its commands. They were even told to kill any animal that touched the mountain.

21 The sight was so frightening that Moses said he shook with fear.
22 You have now come to Mount Zion and to the heavenly Jerusalem. This is the city of the living God, where thousands and thousands of angels have come to celebrate. 23 Here you will find all of God's dearest children, t whose names are written in heaven. And you will find God himself, who judges everyone. Here also are the spirits of those good people who have been made perfect.

24 t And Jesus is here! He is the one who makes God's new agreement with us, and his sprinkled blood says much better things than the blood of Abel.t
25  t Make sure you obey the one who speaks to you. The people did not escape, when they refused to obey the one who spoke to them at Mount Sinai. Do you think you can possibly escape, if you refuse to obey the one who speaks to you from heaven?

26 t When God spoke the first time, his voice shook only the earth. This time he has promised to shake the earth once again, and heaven too.
27 The words “once again” mean that these created things will someday be shaken and removed. Then what cannot be shaken will last. 28 We should be grateful we were given a kingdom that cannot be shaken. And in this kingdom we please God by worshiping him and by showing him great honor and respect. 29 t Our God is like a destructive fire!