Hebrearane 13
Gløym ikkje å gjera det gode!
1 Lat kjærleiken til brørne haldast levande! t 2 Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester. t
3 Kom i hug dei som er i fengsel, som om de var fangar saman med dei. Og tenk på dei som vert pinte og plaga; de har då ein lekam, de òg.t
4 Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet. t 5 Ver ikkje glade i pengar, men ver nøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg. t
6 Difor kan vi vera trygge og seia:t
Herren er min hjelpar, ¬eg er ikkje redd.
Kva kan eit menneske ¬gjera meg?Leiarane i kyrkjelyden og den rette læra
7 Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på korleis dei levde og døydde, og ta deira tru til føredøme!t
8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.t
9 Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det. t 10 Vi har vårt eige altar, og dei som gjer teneste i møteteltet, har ikkje rett til å eta frå det. 11 Øvstepresten ber blodet av offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppen vert oppbrend utanfor leiren. t
12 Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.t t
13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. t 15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn. t
16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.t
17 Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk.tYnske og helsingar
18 Bed for oss! For vi veit at vi har eit godt samvit; vi vil då gjerne ferdast rett på alle måtar. t
19 Serleg bed eg dykk å gjera dette, så de kan få meg att så mykje snarare.t
20 Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod, t
21 han gjere dykk skikka til alt som godt er, så de kan gjera hans vilje. Ja, gjev han ved Jesus Kristus får verka i oss det som er etter Guds gode vilje. Han skal ha ære i all æve! Amen.t
22 Eg bed dykk, brør, ta vel imot desse orda som skal vera ei rettleiing for dykk. Eg måtte skriva så kort til dykk.
23 De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg vitja dykk saman med han.
24 Helsa alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Brørne frå Italia sender si helsing.
25 Nåden vere med dykk alle!29-jan-2008@09:56, Backup Description=28-jan-2008@09:51, Hans-Olav Mørk -
HEBREWS 13
Service That Pleases God
1 Keep being concerned about each other as the Lord's followers should.
2 t Be sure to welcome strangers into your home. By doing this, some people have welcomed angels as guests, without even knowing it.
3 Remember the Lord's people who are in jail and be concerned for them. Don't forget those who are suffering, but imagine you are there with them.
4 t Have respect for marriage. Always be faithful to your partner, because God will punish anyone who is immoral or unfaithful in marriage.
5 t Don't fall in love with money. Be satisfied with what you have. The Lord has promised that he will not leave us or desert us.
6 t This should make you feel like saying,
“The Lord helps me!
Why should I be afraid
of what people
can do to me?”
7 Don't forget about your leaders who taught you God's message. Remember what kind of lives they lived and try to have faith like theirs.
8 Jesus Christ never changes! He is the same yesterday, today, and forever. 9 Don't be fooled by any kind of strange teachings. It is better to receive strength from God's gift of undeserved grace than to depend on certain foods. After all, these foods don't really help the people who eat them.
10 But we have an altar where even the priests who serve in the place of worship have no right to eat.
11 t After the high priest offers the blood of animals as a sin offering, the bodies of those animals are burned outside the camp. 12 Jesus himself suffered outside the city gate, so his blood would make people holy. 13 This is why we should go outside the camp to Jesus and share in his disgrace.
14 On this earth we don't have a city that lasts forever, but we are waiting for such a city.
15 Our sacrifice is to keep offering praise to God in the name of Jesus.
16 But don't forget to help others and to share your possessions with them. This too is like offering a sacrifice that pleases God.
17 Obey your leaders and do what they say. They are watching over you, and they must answer to God. So don't make them sad as they do their work. Make them happy. Otherwise, they won't be able to help you at all.
18 Pray for us. Our consciences are clear, and we always try to live right.
19 I especially want you to pray that I can visit you again soon.Final Prayers and Greetings
20 God gives peace, and he raised our Lord Jesus Christ from death. Now Jesus is like a Great Shepherd whose blood was used to make God's eternal agreement with his flock.t
21 t I pray God will make you ready to obey him and that you will always be eager to do right. May Jesus help you do what pleases God. To Jesus Christ be glory forever and ever! Amen.
22 My friends, I have written only a short letter to encourage you, and I beg you to pay close attention to what I have said.
23 By now you surely must know that our friend Timothy is out of jail. If he gets here in time, I will bring him with me when I come to visit you.
24 Please give my greetings to your leaders and to the rest of the Lord's people.
His followers from Italy send you their greetings.
25 I pray that God will be kind to all of you!t