previous next

Hebrearane 5

1 Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. t 2 Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom t 3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. t

4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron.t

5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:t
Du er son min,
eg har født deg i dag.

6 Og som han seier ein annan stad:t
Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.
7 Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. t 8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. t 9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; t

10 Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.t

Åtvaring mot fråfall


11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. t 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. t 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.

HEBREWS 5

1 Every high priest is appointed to help others by offering gifts and sacrifices to God because of their sins. 2 A high priest has weaknesses of his own, and he feels sorry for foolish and sinful people. 3 t This is why he must offer sacrifices for his own sins and for the sins of others.

4 t But no one can have the honor of being a high priest simply by wanting to be one. Only God can choose a priest, and God is the one who chose Aaron.

5  t This is how it was with Christ. He became a high priest, but not just because he wanted the honor of being one. It was God who told him,
“You are my Son, because today
I have become your Father!”

6  t In another place, God says,
“You are a priest forever
just like Melchizedek.”t
7  t God had the power to save Jesus from death. And while Jesus was on earth, he begged God with loud crying and tears to save him. He truly worshiped God, and God listened to his prayers. 8 Jesus is God's own Son, but still he had to suffer before he could learn what it really means to obey God. 9 Suffering made Jesus perfect, and now he can save forever all who obey him.

10 This is because God chose him to be a high priest like Melchizedek.

Warning against Turning Away


11 Much more could be said about this subject. But it is hard to explain, and all of you are slow to understand. 12 t By now you should have been teachers, but once again you need to be taught the simplest things about what God has said. You need milk instead of solid food. 13 People who live on milk are like babies who don't really know what is right. 14 Solid food is for mature people who have been trained to know right from wrong.