previous next

Hebrearane 6

1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, t 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen.

3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, t 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud.

8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.t

Guds lovnad står fast


9 Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. 10 For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før. t 11 Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste. t

12 Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.
13 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved. t 14 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.» t 15 Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod. 16 Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn. t 17 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid.

18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. t
19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, t 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.t

HEBREWS 6

1 We must try to become mature and start thinking about more than just the basic things we were taught about Christ. We shouldn't need to keep talking about why we ought to turn from deeds that bring death and why we ought to have faith in God. 2 And we shouldn't need to keep teaching about baptismst or about the laying on of handst or about people being raised from death and the future judgment.

3 Let's grow up, if God is willing.

4-6 But what about people who turn away after they have already seen the light and have received the gift from heaven and have shared in the Holy Spirit? What about those who turn away after they have received the good message of God and the powers of the future world? There is no way to bring them back. What they are doing is the same as nailing the Son of God to a cross and insulting him in public!
7 A field is useful to farmers, if there is enough rain to make good crops grow. In fact, God will bless such a field.

8 t But land that produces only thornbushes is worthless. It is likely to fall under God's curse, and in the end it will be set on fire.
9 My friends, we are talking this way. But we are sure that you are doing those really good things people do when they are being saved. 10 God is always fair. He will remember how you helped his people in the past and how you are still helping them. You belong to God, and he won't forget the love you have shown his people. 11 We wish each of you would always be eager to show how strong and lasting your hope really is.

12 Then you would never be lazy. You would be following the example of those who had faith and were patient until God kept his promise to them.

God's Promise Is Sure


13 No one is greater than God. So he made a promise in his own name when he said to Abraham, 14 t “I, the Lord, will bless you with many descendants!” 15 Then after Abraham had been very patient, he was given what God had promised. 16 When anyone wants to settle an argument, they make a vow by using the name of someone or something greater than themselves. 17 So when God wanted to prove for certain his promise to his people could not be broken, he made a vow.

18 God cannot tell lies! And so his promises and vows are two things that can never be changed.
We have run to God for safety. Now his promises should greatly encourage us to take hold of the hope that is right in front of us.
19 t This hope is like a firm and steady anchor for our souls. In fact, hope reaches behind the curtaint and into the most holy place. 20 t Jesus has gone there ahead of us, and he is our high priest forever, just like Melchizedek.t