previous next

Jakob 1

Helsing

1  t t Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.

Prøving og freisting


2  t t Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar; 3 for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.

4 t Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
5  t Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få. 6 t Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,

8 t tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
9  t Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett, 10 t og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå.

11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell av, og all hans prakt er borte. På same måten skal den rike visna midt i alt sitt strev.
12  t Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 t Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg.

15 t Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
16 Far ikkje vill, mine kjære sysken! 17 tt All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.

18 tt Av sin eigen vilje har han fødd oss ved det sanne ordet, så vi skal vera ei førstegrøde av hans skapningar.

Høyra og gjera


19  t Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. 20 For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 t Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 t De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.

25 t Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.
26  t Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi. 27 t Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.

JAMES 1

1  t From James, a servant of God and of our Lord Jesus Christ.
Greetings to the twelve tribes scattered all over the world.t

Faith and Wisdom


2  t My friends, be glad, even if you have a lot of trouble. 3 You know you learn to endure by having your faith tested.

4 But you must learn to endure everything, so you will be completely mature and not lacking in anything.
5  t If any of you need wisdom, you should ask God, and it will be given to you. God is generous and won't correct you for asking. 6 But when you ask for something, you must have faith and not doubt. Anyone who doubts is like an ocean wave tossed around in a storm.

7-8 If you are that kind of person, you can't make up your mind, and you surely can't be trusted. So don't expect the Lord to give you anything at all.

Poor People and //Rich People


9 Any of God's people who are poor should be glad he thinks so highly of them. 10 t But any who are rich should be glad when God makes them humble. Rich people will disappear like wild flowers

11 scorched by the burning heat of the sun. The flowers lose their blossoms, and their beauty is destroyed. This is how the rich will disappear, as they go about their business.

Trials and Temptations


12  t God will bless you, if you don't give up when your faith is being tested. He will reward you with a glorious life, t just as he rewards everyone who loves him.
13  t Don't blame God when you are tempted! God cannot be tempted by evil, and he doesn't use evil to tempt others. 14 We are tempted by our own desires that drag us off and trap us.

15 Our desires make us sin, and when sin is finished with us, it leaves us dead.
16 Don't be fooled, my dear friends. 17 Every good and perfect gift comes down from the Father who created all the lights in the heavens. He is always the same and never makes dark shadows by changing.

18 He wanted us to be his own special people, t and so he sent the true message to give us new birth.

Hearing and Obeying


19  t My dear friends, you should be quick to listen and slow to speak or to get angry. 20 If you are angry, you cannot do any of the good things God wants done.

21 You must stop doing anything immoral or evil. Instead be humble and accept the message planted in you to save you.
22 Obey God's message! Don't fool yourselves by just listening to it. 23 If you hear the message and don't obey it, you are like people who stare at themselves in a mirror 24 and forget what they look like as soon as they leave.

25 But you must never stop looking at the perfect law that sets you free. God will bless you in everything you do, if you listen and obey, and don't just hear and forget.
26 If you think you are being religious, but can't control your tongue, you are fooling yourself, and your religion is useless. 27 Religion that pleases God the Father must be pure and spotless. You must help needy orphans and widows and not let this world make you evil.