previous next

Jakob 3

Tunga er ein eld

1  t Mine brør, ikkje mange av dykk bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom. 2 t Alle snublar vi ofte. Den som ikkje snublar og feilar i det han seier, er fullkomen, i stand til å halda heile kroppen i taumar. 3 Vi legg beksel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten. 4 Ja, til og med store skip som blir drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil. 5 t På same måten er det med tunga: Ho er ein liten kroppsdel, men ho kan skryta av si store makt. Ja, ein liten eld kan setja den største skog i brann!

6 tt Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.
7 Alt i naturen, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar, kan temjast og har vorte tamde av mennesket, som sjølv er ein del av naturen. 8 t Men tunga kan ikkje noko menneske temja, rastlaus og vond som ho er, full av drepande gift. 9 t Med henne lovprisar vi Herren vår Far, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete. 10 t Frå same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Slik må det ikkje vera, mine sysken! 11 Kan det vel strøyma både friskt og bittert vatn frå same kjelda?

12 t Sysken, kan eit fikentre bera oliven eller ein vinstokk bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.

Sann og falsk visdom


13 Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom. 14 t Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga. 15 t Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk. 16 For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er. 17 t Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri. 18 t Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.

JAMES 3

The Tongue

1 My friends, we should not all try to become teachers. In fact, teachers will be judged more strictly than others.

2 t All of us do many wrong things. But if you can control your tongue, you are mature and able to control your whole body.
3 By putting a bit into the mouth of a horse, we can turn the horse in different directions. 4 It takes strong winds to move a large sailing ship, but the captain uses only a small rudder to make it go in any direction.

5 Our tongues are small too, and yet they brag about big things.
It takes only a spark to start a forest fire!
6 t The tongue is like a spark. It is an evil power that dirties the rest of the body and sets a person's entire life on fire with flames that come from hell itself. 7 All kinds of animals, birds, reptiles, and sea creatures can be tamed and have been tamed.

8 But our tongues get out of control. They are restless and evil, and always spreading deadly poison.
9-10  t My dear friends, with our tongues we speak both praises and curses. We praise our Lord and Father, and we curse people who were created to be like God, and this isn't right. 11 Can clean water and dirty water both flow from the same spring?

12 Can a fig tree produce olives or a grapevine produce figs? Does fresh water come from a well full of salt water?

Wisdom from Above


13  t Are any of you wise or sensible? Then show it by living right and by being humble and wise in everything you do. 14 But if your heart is full of bitter jealousy and selfishness, don't brag or lie to cover up the truth. 15 This kind of wisdom doesn't come from above. It is earthly and selfish and comes from the devil himself. 16 Whenever people are jealous or selfish, they cause trouble and do all sorts of cruel things. 17 But the wisdom that comes from above leads us to be pure, friendly, gentle, sensible, kind, helpful, genuine, and sincere. 18 When peacemakers plant seeds of peace, they will harvest justice.