Johannes 15
Det sanne vintreet
1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. 2 t Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 t De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 t Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 5 t Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 7 t Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det.
8 t For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
9 t Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 t Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 t Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen. 12 t Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 t Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 t De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn.
17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!Når verda hatar dykk
18 t Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg først. 19 t Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut av verda. Difor hatar verda dykk. 20 t Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfølgt meg, vil dei forfølgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei òg halda fast på dykkar ord. 21 t Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. 22 t Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan synd. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. 23 t Den som hatar meg, hatar òg Far min. 24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett gjerningane og hatar både meg og Far min. 25 t Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. 26 tt Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. 27 Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.
JOHN 15
Jesus Is the True Vine
1 Jesus said to his disciples:
I am the true vine, and my Father is the gardener. 2 He cuts away every branch of mine that doesn't produce fruit. But he trims clean every branch that does produce fruit, so that it will produce even more fruit.
3 You are already clean because of what I have said to you.
4 Stay joined to me, and I will stay joined to you. Just as a branch cannot produce fruit unless it stays joined to the vine, you cannot produce fruit unless you stay joined to me. 5 I am the vine, and you are the branches. If you stay joined to me, and I stay joined to you, then you will produce lots of fruit. But you cannot do anything without me.
6 If you don't stay joined to me, you will be thrown away. You will be like dry branches that are gathered up and burned in a fire.
7 Stay joined to me and let my teachings become part of you. Then you can pray for whatever you want, and your prayer will be answered. 8 When you become fruitful disciples of mine, my Father will be honored. 9 I have loved you, just as my Father has loved me. So remain faithful to my love for you.
10 If you obey me, I will keep loving you, just as my Father keeps loving me, because I have obeyed him.
11 I have told you this to make you as completely happy as I am. 12 t Now I tell you to love each other, as I have loved you. 13 The greatest way to show love for friends is to die for them. 14 And you are my friends, if you obey me.
15 Servants don't know what their master is doing, and so I don't speak to you as my servants. I speak to you as my friends, and I have told you everything my Father has told me.
16 You did not choose me. I chose you and sent you out to produce fruit, the kind of fruit that will last. Then my Father will give you whatever you ask for in my name.t
17 So I command you to love each other.The World's Hatred
18 If the people of this worldt hate you, just remember that they hated me first. 19 If you belonged to the world, its people would love you. But you don't belong to the world. I have chosen you to leave the world behind, and this is why its people hate you.
20 t Remember how I told you that servants are not greater than their master. So if people mistreat me, they will mistreat you. If they do what I say, they will do what you say.
21 People will do to you exactly what they did to me. They will do it because you belong to me, and they don't know the one who sent me.
22 If I had not come and spoken to them, they would not be guilty of sin. But now they have no excuse for their sin.
23 Everyone who hates me also hates my Father. 24 I have done things no one else has ever done. If they had not seen me do these things, they would not be guilty. But they did see me do these things, and they still hate me and my Father too.
25 t This is why the Scriptures are true when they say, “People hated me for no reason.”
26 I will send you the Spirit who comes from the Father and shows what is true. The Spirit will helpt you and will tell you about me. 27 Then you will also tell others about me, because you have been with me from the beginning.