previous next

Johannes 3

1  t Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. 2 t Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» 3 tt Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» 5 t Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. 7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ 8 tt Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11 t Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 tt Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, {{som er i himmelen}}. 14 tt Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 t For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 t Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 t Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 t Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 t For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.

21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Døyparen Johannes vitnar om Jesus


22  t Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 t Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 t Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 t Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29 t Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

30 Han skal veksa, eg skal minka.
31  t Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 t Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans. 33 Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål. 35 t Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 t Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»

JOHN 3

Jesus and Nicodemus

1 There was a man named Nicodemus who was a Pharisee and a Jewish leader.

2 One night he went to Jesus and said, “Rabbi, we know that God has sent you to teach us. You could not work these miracles, unless God were with you.”

3 Jesus replied, “I tell you for certain that you must be born from abovet before you can see God's kingdom!”

4 Nicodemus asked, “How can a grown man ever be born a second time?”

5 Jesus answered:
I tell you for certain that before you can get into God's kingdom, you must be born not only by water, but by the Spirit.
6 Humans give life to their children. Yet only God's Spirit can change you into a child of God. 7 Don't be surprised when I say that you must be born from above.

8 Only God's Spirit gives new life. The Spirit is like the wind that blows wherever it wants to. You can hear the wind, but you don't know where it comes from or where it is going.

9 “How can this be?” Nicodemus asked.

10 Jesus replied:
How can you be a teacher of Israel and not know these things?
11 I tell you for certain we know what we are talking about because we have seen it ourselves. But none of you will accept what we say.

12 t If you don't believe when I talk to you about things on earth, how can you possibly believe if I talk to you about things in heaven?
13  t No one has gone up to heaven except the Son of Man, who came down from there. 14 t And the Son of Man must be lifted up, just as the metal snake was lifted up by Moses in the desert.t

15 Then everyone who has faith in the Son of Man will have eternal life.
16 God loved the people of this world so much that he gave his only Son, so that everyone who has faith in him will have eternal life and never really die. 17 God did not send his Son into the world to condemn its people. He sent him to save them!

18 No one who has faith in God's Son will be condemned. But everyone who doesn't have faith in him has already been condemned for not having faith in God's only Son.
19 The light has come into the world, and people who do evil things are judged guilty because they love the dark more than the light. 20 People who do evil hate the light and won't come to the light, because it clearly shows what they have done.

21 But everyone who lives by the truth will come to the light, because they want others to know that God is really the one doing what they do.

Jesus and John the Baptist


22 Later, Jesus and his disciples went to Judea, where he stayed with them for a while and was baptizing people.

23-24  t John had not yet been put in jail. He was at Aenon near Salim, where there was a lot of water, and people were coming there for John to baptize them.
25 John's followers got into an argument with a Jewish mant about a ceremony of washing.t

26 They went to John and said, “Rabbi, you spoke about a man when you were with him east of the Jordan. He is now baptizing people, and everyone is going to him.”

27 John replied:
No one can do anything unless God in heaven allows it.

28 t You surely remember how I told you that I am not the Messiah. I am only the one sent ahead of him.
29 At a wedding the groom is the one who gets married. The best man is glad just to be there and to hear the groom's voice. That's why I am so glad.

30 Jesus must become more important, while I become less important.

The One Who Comes //from Heaven


31 God's Son comes from heaven and is above all others. Everyone who comes from the earth belongs to the earth and speaks about earthly things. The one who comes from heaven is above all others. 32 He speaks about what he has seen and heard, and yet no one believes him. 33 But everyone who does believe him has shown that God is truthful.

34 The Son was sent to speak God's message, and he has been given the full power of God's Spirit.
35  t The Father loves the Son and has given him everything. 36 Everyone who has faith in the Son has eternal life. But no one who rejects him will ever share in that life, and God will be angry with them forever.