Johannes 6
Jesus mettar fem tusen
(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Luk 9,10–17)
1 Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen. 2 Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke. 3 Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine.
4 Det leid mot påske, høgtida åt jødane.t
5 Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?» 6 Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera. 7 Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.» 8 Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: 9 «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» t 10 Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen. 11 Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha. 12 Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»
13 Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.
14 Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!» t
15 Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.tJesus går på vatnet
(Matt 14,22–27; Mark 6,45–52)
16 Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen. 17 Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei. 18 Sjøen gjekk høg, for det bles hardt. 19 Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. 20 Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»
21 Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.Brødet frå himmelen
22 Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine. 23 No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet. t 24 Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. 25 Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?» 26 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette.
27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»t
28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» t 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? t 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» t 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. t 36 Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. t 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. t 39 Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. t
40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
41 Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.» 42 Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?» t 43 Jesus svara: «Hald opp med denne murringa! 44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. t 46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. t 47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. t 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr.
51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?» 53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. t 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. t 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.»
59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.Mange støyter seg på Jesu ord
60 Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» 61 Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: «Støyter de dykk på dette? 62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? t 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. t 64 Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. t
65 Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.»tPeters vedkjenning
66 Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje ikring med han lenger. 67 Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, 69 og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» t 70 Då sa Jesus: «Har eg ikkje valt dykk ut alle tolv? Og ein av dykk er ein djevel.» 71 Han tenkte på Judas, son til Simon Iskariot. For han skulle svika Jesus, han, ein av dei tolv.t
JOHN 6
Feeding Five Thousand
(Matthew 14.13-21; Mark 6.30-44; Luke 9.10-17)
1 Jesus crossed Lake Galilee, which was also known as Lake Tiberias. 2 A large crowd had seen him work miracles to heal the sick, and those people went with him.
3-4 It was almost time for the Jewish festival of Passover, and Jesus went up on a mountain with his disciples and sat down.t
5 When Jesus saw the large crowd coming toward him, he asked Philip, “Where will we get enough food to feed all these people?”
6 He said this to test Philip, since he already knew what he was going to do.
7 Philip answered, “Don't you know that it would take almost a year's wagest just to buy only a little bread for each of these people?”
8 Andrew, the brother of Simon Peter, was one of the disciples. He spoke up and said,
9 “There is a boy here who has five small loavest of barley bread and two fish. But what good is that with all these people?”
10 The ground was covered with grass, and Jesus told his disciples to tell everyone to sit down. About 5,000 men were in the crowd.
11 Jesus took the bread in his hands and gave thanks to God. Then he passed the bread to the people, and he did the same with the fish, until everyone had plenty to eat.
12 The people ate all they wanted, and Jesus told his disciples to gather up the leftovers, so that nothing would be wasted.
13 The disciples gathered them up and filled twelve large baskets with what was left over from the five barley loaves.
14 After the people had seen Jesus work this miracle, t they began saying, “This must be the Prophett who is to come into the world!”
15 Jesus realized that they would try to force him to be their king. So he went up on a mountain, where he could be alone.Jesus Walks on the Water
(Matthew 14.22-27; Mark 6.45-52)
16 That evening, Jesus' disciples went down to the lake. 17 They got into a boat and started across for Capernaum. Later that evening Jesus had still not come to them,
18 and a strong wind was making the water rough.
19 When the disciples had rowed for five or six kilometers , they saw Jesus walking on the water. He kept coming closer to the boat, and they were terrified. 20 But he said, “I am Jesus!t Don't be afraid!”
21 The disciples wanted to take him into the boat, but suddenly the boat reached the shore where they were headed.The Bread That Gives Life
22 The people who had stayed on the east side of the lake knew that only one boat had been there. They also knew that Jesus had not left in it with his disciples. But the next day 23 some boats from Tiberias sailed near the place where the crowd had eaten the bread for which the Lord had given thanks. 24 They saw that Jesus and his disciples had left. Then they got into the boats and went to Capernaum to look for Jesus.
25 They found him on the west side of the lake and asked, “Rabbi, when did you get here?”
26 Jesus answered, “I tell you for certain that you are not looking for me because you saw the miracles, t but because you ate all the food you wanted.
27 t Don't work for food that spoils. Work for food that gives eternal life. The Son of Man will give you this food, because God the Father has given him the right to do so.”
28 “What exactly does God want us to do?” the people asked.
29 Jesus answered, “God wants you to have faith in the one he sent.”
30 They replied, “What miracle will you work, so that we can have faith in you? What will you do?
31 t For example, when our ancestors were in the desert, they were given mannat to eat. It happened just as the Scriptures say, ‘God gave them bread from heaven to eat.’ ”
32 Jesus then told them, “I tell you for certain that Moses wasn't the one who gave you bread from heaven. My Father is the one who gives you the true bread from heaven.
33 And the bread that God gives is the one who came down from heaven to give life to the world.”
34 The people said, “Sir, give us this bread and don't ever stop!”
35 Jesus replied:
I am the bread that gives life! No one who comes to me will ever be hungry. No one who has faith in me will ever be thirsty. 36 I have told you already that you have seen me and still do not have faith in me.
37 Everything and everyone that the Father has given me will come to me, and I won't turn any of them away.
38 I didn't come from heaven to do what I want! I came to do what the Father wants me to do. He sent me, 39 and he wants to make certain that none of the ones he has given me will be lost. Instead, he wants me to raise them to life on the last day.t
40 My Father wants everyone who sees the Son to have faith in him and to have eternal life. Then I will raise them to life on the last day.
41 The people started grumbling because Jesus had said he was the bread that had come down from heaven.
42 They were asking each other, “Isn't he Jesus, the son of Joseph? Don't we know his father and mother? How can he say that he has come down from heaven?”
43 Jesus told them:
Stop grumbling! 44 No one can come to me, unless the Father who sent me makes them want to come. But if they do come, I will raise them to life on the last day.
45 t One of the prophets wrote, “God will teach all of them.” And so everyone who listens to the Father and learns from him will come to me.
46 The only one who has seen the Father is the one who has come from him. No one else has ever seen the Father.
47 I tell you for certain that everyone who has faith in me has eternal life.
48 I am the bread that gives life! 49 Your ancestors ate mannat in the desert, and later they died. 50 But the bread from heaven has come down, so that no one who eats it will ever die.
51 I am that bread from heaven! Everyone who eats it will live forever. My flesh is the life-giving bread I give to the people of this world.
52 They started arguing with each other and asked, “How can he give us his flesh to eat?”
53 Jesus answered:
I tell you for certain that you won't live unless you eat the flesh and drink the blood of the Son of Man. 54 But if you do eat my flesh and drink my blood, you will have eternal life, and I will raise you to life on the last day. 55 My flesh is the true food, and my blood is the true drink.
56 If you eat my flesh and drink my blood, you are one with me, and I am one with you.
57 The living Father sent me, and I have life because of him. Now everyone who eats my flesh will live because of me.
58 The bread that comes down from heaven isn't like what your ancestors ate. They died, but whoever eats this bread will live forever.
59 Jesus was teaching in a synagogue in Capernaum when he said these things.The Words of Eternal Life
60 Many of Jesus' disciples heard him and said, “This is too hard for anyone to understand.”
61 Jesus knew that his disciples were grumbling. So he asked, “Does this bother you? 62 What if you should see the Son of Man go up to heaven where he came from? 63 t The Spirit is the one who gives life! Human strength can do nothing. The words that I have spoken to you are from that life-giving Spirit.
64 But some of you refuse to have faith in me.” Jesus said this, because from the beginning he knew who would have faith in him. He also knew which one would betray him.
65 Then Jesus said, “You cannot come to me, unless the Father makes you want to come. That is why I have told these things to all of you.”
66 Because of what Jesus said, many of his disciples turned their backs on him and stopped following him. 67 Jesus then asked his twelve disciples if they also were going to leave him. 68 t Simon Peter answered, “Lord, there is no one else that we can go to! Your words give eternal life.
69 We have faith in you, and we are sure that you are God's Holy One.”
70 Jesus told his disciples, “I chose all twelve of you, but one of you is a demon!” 71 Jesus was talking about Judas, the son of Simon Iscariot.t He would later betray Jesus, even though he was one of the twelve disciples.