Lukas 12
Modig vedkjenning
(Matt 10,26–33; 12,32; 10,19–20)
1 t t I mellomtida hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg først til læresveinane:
«Ta dykk i vare for surdeigen til farisearane, hykleriet deira! 2 t Ingenting er gøymt som ikkje skal fram i dagen, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent.
3 Difor skal det de seier i mørkret, bli høyrt i lyset, og det de kviskrar i einerom, skal ropast ut frå hustaka.
4 t Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel kroppen, men sidan ikkje kan gjera meir. 5 tt Eg skal visa dykk kven de skal frykta: De skal frykta han som kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de frykta! 6 Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd hos Gud.
7 t Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 t Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar. 10 t Og kvar den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som spottar Den heilage ande, får ikkje tilgjeving. 11 t Når de må svara for dykk i synagogane og for dei som styrer og rår, ver då ikkje redde for korleis de skal forsvara dykk, eller kva de skal seia.
12 t For Den heilage ande skal læra dykk i same stund kva som må seiast.»Likninga om den rike bonden
13 Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!» 14 Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?»
15 t Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»
16 Og han fortalde dei ei likning:
«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, 17 og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. 18 Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. 19 Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’
20 t Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’
21 Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»Ver ikkje urolege
(Matt 6,25–33.20–21)
22 t Han sa til læresveinane:
«Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. 23 Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda. 24 t Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har verken matbu eller låve, men Gud før dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane! 25 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei alen til si livslengd? 26 Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre? 27 t Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 28 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 29 Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka. 30 For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette. 31 t Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg.
32 t Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.
33 t t Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg.
34 For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.Ver førebudde når Menneskesonen kjem
(Matt 24,43–51)
35 t t Spenn beltet om livet og lat lampene brenna! 36 Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på. 37 t Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.
38 t Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!
39 t Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.
40 t Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
41 Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»
42 t Herren svara:
«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid? 43 Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! 44 t Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. 45 Men set at tenaren seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full. 46 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande. 47 t Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag.
48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.Ikkje fred, men strid
(Matt 10,34–36)
49 Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend! 50 t Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført! 51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid. 52 Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre,
53 t far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor. »Å tyda tida
(Matt 16,2–3; 5,25–26)
54 Til folket sa han:
«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik. 55 Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik.
56 Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?
57 Og kvifor dømmer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett? 58 Når du går til domstolen med motparten din, skal du gjera det du kan for å bli samd med han medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for dommaren, og dommaren sender deg til innkrevjaren, og innkrevjaren kastar deg i fengsel. 59 Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.»
LUKE 12
Warnings
1 t As thousands of people crowded around Jesus and were stepping on each other, he told his disciples:
Be sure to guard against the dishonest teachingt of the Pharisees! It is their way of fooling people. 2 t Everything that is hidden will be found out, and every secret will be known.
3 Whatever you say in the dark will be heard when it is day. Whatever you whisper in a closed room will be shouted from the housetops.The One To Fear
(Matthew 10.28-31)
4 t My friends, don't be afraid of people. They can kill you, but after that, there is nothing else they can do.
5 God is the one you must fear. Not only can he take your life, but he can throw you into hell. God is certainly the one you should fear!
6 Five sparrows are sold for only a few cents, but God doesn't forget a single one of them.
7 Even the hairs on your head are counted. So don't be afraid! You are worth much more than many sparrows.Telling Others about Christ
(Matthew 10.32,33; 12.32; 10.19,20)
8 If you tell others that you belong to me, the Son of Man will tell God's angels that you are my followers. 9 But if you reject me, you will be rejected in front of them.
10 t If you speak against the Son of Man, you can be forgiven, but if you speak against the Holy Spirit, you cannot be forgiven.
11 t When you are brought to trial in the synagogues or before rulers or officials, don't worry about how you will defend yourselves or what you will say.
12 At that time the Holy Spirit will tell you what to say.A Rich Fool
13 A man in a crowd said to Jesus, “Teacher, tell my brother to give me my share of what our father left us when he died.”
14 Jesus answered, “Who gave me the right to settle arguments between you and your brother?”
15 Then he said to the crowd, “Don't be greedy! Owning a lot of things won't make your life safe.”
16 So Jesus told them this story:
A rich man's farm produced a big crop,
17 and he said to himself, “What can I do? I don't have a place large enough to store everything.”
18 Later, he said, “Now I know what I'll do. I'll tear down my barns and build bigger ones, where I can store all my grain and other goods.
19 t Then I'll say to myself, ‘You have stored up enough good things to last for years to come. Live it up! Eat, drink, and enjoy yourself.’ ”
20 But God said to him, “You fool! Tonight you will die. Then who will get what you have stored up?”
21 “This is what happens to people who store up everything for themselves, but are poor in the sight of God.”Worry
(Matthew 6.25-34)
22 Jesus said to his disciples:
I tell you not to worry about your life! Don't worry about having something to eat or wear. 23 Life is more than food or clothing. 24 Look at the crows! They don't plant or harvest, and they don't have storehouses or barns. But God takes care of them. You are much more important than any birds. 25 Can worry make you live longer?t
26 If you don't have power over small things, why worry about everything else?
27 t Look how the wild flowers grow! They don't work hard to make their clothes. But I tell you Solomon with all his wealtht wasn't as well clothed as one of these flowers.
28 God gives such beauty to everything that grows in the fields, even though it is here today and thrown into a fire tomorrow. Won't he do even more for you? You have such little faith!
29 Don't keep worrying about having something to eat or drink. 30 Only people who don't know God are always worrying about such things. Your Father knows what you need.
31 But put God's work first, and these things will be yours as well.Treasures in Heaven
(Matthew 6.19-21)
32 My little group of disciples, don't be afraid! Your Father wants to give you the kingdom. 33 Sell what you have and give the money to the poor. Make yourselves moneybags that never wear out. Make sure your treasure is safe in heaven, where thieves cannot steal it and moths cannot destroy it.
34 Your heart will always be where your treasure is.Faithful and Unfaithful Servants
(Matthew 24.45-51)
35 t Be ready and keep your lamps burning 36 t just like those servants who wait up for their master to return from a wedding feast. As soon as he comes and knocks, they open the door for him. 37 Servants are fortunate if their master finds them awake and ready when he comes! I promise you he will get ready and let his servants sit down so he can serve them. 38 Those servants are really fortunate if their master finds them ready, even though he comes late at night or early in the morning. 39 t You would surely not let a thief break into your home, if you knew when the thief was coming.
40 So always be ready! You don't know when the Son of Man will come.
41 Peter asked Jesus, “Did you say this just for us or for everyone?”
42 The Lord answered:
Who are faithful and wise servants? Who are the ones the master will put in charge of giving the other servants their food supplies at the proper time? 43 Servants are fortunate if their master comes and finds them doing their job.
44 A servant who is always faithful will surely be put in charge of everything the master owns.
45 But suppose one of the servants thinks that the master won't return until late. Suppose that servant starts beating all the other servants and eats and drinks and gets drunk.
46 If that happens, the master will come on a day and at a time when the servant least expects him. That servant will then be punished and thrown out with the servants who cannot be trusted.
47 If servants are not ready or willing to do what their master wants them to do, they will be beaten hard.
48 But servants who don't know what their master wants them to do will not be beaten so hard for doing wrong. If God has been generous with you, he will expect you to serve him well. But if he has been more than generous, he will expect you to serve him even better.Not Peace, but Trouble
(Matthew 10.34-36)
49 I came to set fire to the earth, and I wish it were already on fire! 50 t I am going to be put to a hard test. And I will have to suffer a lot of pain until it is over. 51 Do you think that I came to bring peace to earth? No indeed! I came to make people choose sides. 52 A family of five will be divided, with two of them against the other three.
53 t Fathers and sons will turn against one another, and mothers and daughters will do the same. Mothers-in-law and daughters-in-law will also turn against each other.Knowing What To Do
(Matthew 16.2,3; 5.25,26)
54 Jesus said to all the people:
As soon as you see a cloud coming up in the west, you say, “It's going to rain,” and it does. 55 When the south wind blows, you say, “It's going to get hot,” and it does. 56 Are you trying to fool someone? You can predict the weather by looking at the earth and sky, but you don't really know what's going on right now. 57 Why don't you understand the right thing to do? 58 When someone accuses you of something, try to settle things before you are taken to court. If you don't, you will be dragged before the judge. Then the judge will hand you over to the jailer, and you will be locked up. 59 You won't get out until you have paid the last cent you owe.