Lukas 13
Vend om
1 På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. 2 t Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? 3 t Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten. 4 Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem?
5 Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.»Fikentreet som ikkje bar frukt
6 t Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. 7 Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ 8 t ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det;
9 kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten
10 Ein sabbat underviste han i ein av synagogane. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.»
13 t Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.
14 t Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 t «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»
17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.Likningane om sennepsfrøet og surdeigen
(Matt 13,31–33; Mark 4,30–32)
18 Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med?
19 tt Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det. »
20 Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med?
21 t Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»Den tronge døra
(Matt 7,13–14.21–23)
22 t Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
23 Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24 t «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25 t Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26 Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27 t Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett! ’ 28 t Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29 Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike.
30 t Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»Jesus og Herodes
31 t I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes har tenkt å drepa deg.» 32 t Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.
33 Men i dag og i morgon og endå ein dag må eg vandra vidare, for ein profet kan ikkje mista livet nokon annan stad enn i Jerusalem.Klage over Jerusalem
(Matt 23,37–39)
34 t Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.
35 tt Så høyr: Huset dykkar skal bli forlate! Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier:
‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn! ’»
LUKE 13
Turn Back to God
1 About this same time Jesus was told that Pilate had given orders for some people from Galilee to be killed while they were offering sacrifices.
2 Jesus replied:
Do you think that these people were worse sinners than everyone else in Galilee just because of what happened to them? 3 Not at all! But you can be sure that if you don't turn back to God, every one of you will also be killed. 4 What about those 18 people who died when the tower in Siloam fell on them? Do you think they were worse than everyone else in Jerusalem?
5 Not at all! But you can be sure that if you don't turn back to God, every one of you will also die.A Story about a Fig Tree
6 Jesus then told them this story:
A man had a fig tree growing in his vineyard. One day he went out to pick some figs, but he didn't find any.
7 So he said to the gardener, “For three years I have come looking for figs on this tree, and I haven't found any yet. Chop it down! Why should it take up space?”
8 The gardener answered, “Master, leave it for another year. I'll dig around it and put some manure on it to make it grow.
9 Maybe it will have figs on it next year. If it doesn't, you can have it cut down.”Healing a Woman //on the Sabbath
10 One Sabbath, Jesus was teaching in a synagogue, 11 and a woman was there who had been crippled by an evil spirit for 18 years. She was completely bent over and could not straighten up. 12 When Jesus saw the woman, he called her over and said, “You are now well.”
13 He placed his hands on her, and at once she stood up straight and praised God.
14 t The man in charge of the synagogue was angry because Jesus had healed someone on the Sabbath. So he said to the people, “Each week has six days when we can work. Come and be healed on one of those days, but not on the Sabbath.”
15 The Lord replied, “Are you trying to fool someone? Won't any one of you untie your ox or donkey and lead it out to drink on a Sabbath? 16 This woman belongs to the family of Abraham, but Satan has kept her bound for 18 years. Isn't it right to set her free on the Sabbath?”
17 Jesus' words made his enemies ashamed. But everyone else in the crowd was happy about the wonderful things he was doing.A Mustard Seed and Yeast
(Matthew 13.31-33; Mark 4.30-32)
18 Jesus said, “What is God's kingdom like? What can I compare it with?
19 It is like what happens when someone plants a mustard seed in a garden. The seed grows as big as a tree, and birds nest in its branches.”
20 Then Jesus said, “What can I compare God's kingdom with?
21 It is like what happens when a woman mixes yeast into three batches of flour. Finally, all the dough rises.”The Narrow Door
(Matthew 7.13,14,21-23)
22 As Jesus was on his way to Jerusalem, he taught the people in the towns and villages.
23 Someone asked him, “Lord, are only a few people going to be saved?”
Jesus answered:
24 Do all you can to go in by the narrow door! A lot of people will try to get in, but will not be able to.
25 Once the owner of the house gets up and locks the door, you will be left standing outside. You will knock on the door and say, “Sir, open the door for us!”
But the owner will answer, “I don't know a thing about you! ”
26 Then you will start saying, “We dined with you, and you taught in our streets.”
27 t But he will say, “I really don't know who you are! Get away from me, you evil people!”
28 t t Then when you have been thrown outside, you will weep and grit your teeth because you will see Abraham, Isaac, Jacob, and all the prophets in God's kingdom. 29 People will come from all directions and sit down to feast in God's kingdom.
30 t There the ones who are now least important will be the most important, and those who are now most important will be least important.Jesus and Herod
31 At that time some Pharisees came to Jesus and said, “You had better get away from here, because Herodt wants to kill you!”
32 Jesus said to them:
Go tell that fox, “I am going to force out demons and heal people today and tomorrow, and three days later I'll be through.”
33 But I am going on my way today and tomorrow and the next day. After all, Jerusalem is the place where prophets are killed.Jesus Loves Jerusalem
(Matthew 23.37-39)
34 t Jerusalem, Jerusalem! Your people have killed the prophets and have stoned the messengers who were sent to you. I have often wanted to gather your people, as a hen gathers her chicks under her wings. But you wouldn't let me.
35 t Now your temple will be deserted. You won't see me again until the time when you say,
“Blessed is the one who comes
in the name of the Lord.”