previous next

Lukas 16

Den kloke hushaldaren

1 Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte. 2 Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.» 3 Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga. 4 Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.» 5 Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?» 6 «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.»

7 Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.
8 Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born. t 9 Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. 10 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort. t 11 Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen? 12 Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?

13 Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.t t

Lova og Guds rike

(Matt 11,12–13)


14 Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.

15 Då sa han til dei:
De vil ha folk til å tru at de er rettferdige, men Gud kjenner hjarto dykkar. Det som er stort mellom menneske, er ein styggedom for Gud. t
16 Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt.

17 Før skal himmel og jord forgå før ein einaste prikk i lova fell bort.t

18 Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet.t

Den rike mannen og Lasarus


19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår.

21 Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. 24 Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» 25 Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. t 26 Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» 27 Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» 29 Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» 30 «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» 31 Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»t

LUKE 16

A Dishonest Manager

1 Jesus said to his disciples:
A rich man once had a manager to take care of his business. But he was told that his manager was wasting money.

2 So the rich man called him in and said, “What is this I hear about you? Tell me what you have done! You are no longer going to work for me.”
3 The manager said to himself, “What shall I do now that my master is going to fire me? I can't dig ditches, and I'm ashamed to beg.

4 I know what I'll do, so that people will welcome me into their homes after I've lost my job.”

5 Then one by one he called in the people who were in debt to his master. He asked the first one, “How much do you owe my master?”

6 “A hundred barrels of olive oil,” the man answered.
So the manager said, “Take your bill and sit down and quickly write ‘50.’ ”

7 The manager asked someone else who was in debt to his master, “How much do you owe?”
“A thousand sackst of wheat,” the man replied.
The manager said, “Take your bill and write ‘800.’ ”

8 The master praised his dishonest manager for looking out for himself so well. That's how it is! The people of this world look out for themselves better than the people who belong to the light.
9  t My disciples, I tell you to use wicked wealth to make friends for yourselves. Then when it is gone, you will be welcomed into an eternal home. 10 Anyone who can be trusted in little matters can also be trusted in important matters. But anyone who is dishonest in little matters will be dishonest in important matters. 11 If you cannot be trusted with this wicked wealth, who will trust you with true wealth? 12 And if you cannot be trusted with what belongs to someone else, who will give you something that will be your own?

13 t You cannot be the slave of two masters. You will like one more than the other or be more loyal to one than to the other. You cannot serve God and money.

Some Sayings of Jesus

(Matthew 11.12,13; 5.31,32; Mark 10.11,12)


14 The Pharisees really loved money. So when they heard what Jesus said, they made fun of him.

15 But Jesus told them:
You are always making yourselves look good, but God sees what is in your heart. The things that most people think are important are worthless as far as God is concerned.
16  t Until the time of John the Baptist, people had to obey the Law of Moses and the Books of the Prophets.t But since God's kingdom has been preached, everyone is trying hard to get in.

17 t Heaven and earth will disappear before the smallest letter of the Law does.

18  t It is a terrible sint for a man to divorce his wife and marry another woman. It is also a terrible sin for a man to marry a divorced woman.

Lazarus and the Rich Man


19 There was once a rich man who wore expensive clothes and every day ate the best food. 20 But a poor beggar named Lazarus was brought to the gate of the rich man's house. 21 He was happy just to eat the scraps that fell from the rich man's table. His body was covered with sores, and dogs kept coming up to lick them.

22 t The poor man died, and angels took him to the place of honor next to Abraham.t
The rich man also died and was buried.
23 t He went to hellt and was suffering terribly. When he looked up and saw Abraham far off and Lazarus at his side,

24 he said to Abraham, “Have pity on me! Send Lazarus to dip his finger in water and touch my tongue. I'm suffering terribly in this fire.”
25 Abraham answered, “My friend, remember that while you lived, you had everything good, and Lazarus had everything bad. Now he is happy, and you are in pain.

26 And besides, there is a deep ditch between us, and no one from either side can cross over.”
27 But the rich man said, “Abraham, then please send Lazarus to my father's home.

28 Let him warn my five brothers, so they won't come to this horrible place.”

29 Abraham answered, “Your brothers can read what Moses and the prophetst wrote. They should pay attention to that.”

30 Then the rich man said, “No, that's not enough! If only someone from the dead would go to them, they would listen and turn to God.”
31 So Abraham said, “If they won't pay attention to Moses and the prophets, they won't listen even to someone who comes back from the dead.”