previous next

Lukas 21

Den fattige enkja som gav

(Mark 12,41–44)

1  t t Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. 2 t Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar. 3 Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.

4 For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»

Jesus talar om tidene som skal koma

(21,5–38)

Tempelet skal øydeleggjast

(Matt 24,1–2; Mark 13,1–2)


5 Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:

6 t «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»

Trengselstida tek til

(Matt 24,3–14; Mark 13,3–13)


7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»

8 tt Han svara:
«Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje!
9 Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.» 10 Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike.

11 Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.
12  t Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfølgja dykk, gje dykk over til synagogane og kasta dykk i fengsel, og for mitt namn skuld skal de førast fram for kongar og landshovdingar. 13 Då skal de få vitna for dei. 14 t Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk. 15 t For eg skal leggja orda i munnen på dykk og gje dykk visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg imot eller seia imot. 16 t Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden. 17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18 t Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista.

19 Hald ut, så skal de vinna livet!

Jerusalem skal øydeleggjast

(Matt 24,15–21; Mark 13,14–19)


20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd. 21 t Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22 t For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling. 23 t Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal bli stor naud i landet, og vreide skal ramma dette folket.

24 t Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida for heidningane er ute.

Når Menneskesonen kjem

(Matt 24,29–31; Mark 13,24–27)


25  t Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar. 26 t Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka. 27 t Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom.

28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»

Lær av fikentreet

(Matt 24,32–35; Mark 13,28–32)


29  t Så fortalde han dei ei likning:
«Sjå på fikentreet og alle andre tre!
30 Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31 Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32 t Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

33 t Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Vak og be


34  t Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35 t som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda.

36 t Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»
37  t Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. 38 Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han.

LUKE 21

A Widow's Offering

(Mark 12.41-44)

1 Jesus looked up and saw some rich people tossing their gifts into the offering box. 2 He also saw a poor widow putting in a few cents. 3 And he said, “I tell you that this poor woman has put in more than all the others.

4 Everyone else gave what they didn't need. But she is very poor and gave everything she had.”

The Temple Will Be Destroyed

(Matthew 24.1,2; Mark 13.1,2)


5 Some people were talking about the beautiful stones used to build the temple and about the gifts that had been placed in it. Jesus said,

6 “Do you see these stones? The time is coming when not one of them will be left in place. They will all be knocked down.”

Warning about Trouble

(Matthew 24.3-14; Mark 13.3-13)


7  t Some people asked, “Teacher, when will all this happen? How can we know when these things are about to take place?”

8 Jesus replied:
Don't be fooled by those who will come and claim to be me. They will say, “I am Christ!” and “Now is the time!” But don't follow them.

9 When you hear about wars and riots, don't be afraid. These things will have to happen first, but this isn't the end.
10 Nations will go to war against one another, and kingdoms will attack each other.

11 There will be great earthquakes, and in many places people will starve to death and suffer terrible diseases. All sorts of frightening things will be seen in the sky.
12 Before all this happens, you will be arrested and punished. You will be tried in your synagogues and put in jail. Because of me you will be placed on trial before kings and governors.

13 But this will be your chance to tell about your faith.
14  t Don't worry about what you will say to defend yourselves. 15 I will give you the wisdom to know what to say. None of your enemies will be able to oppose you or to say that you are wrong. 16 You will be betrayed by your own parents, brothers, family, and friends. Some of you will even be killed. 17 Because of me, you will be hated by everyone. 18 But don't worry!t

19 You will be saved by being faithful to me.

Jerusalem Will Be Destroyed

(Matthew 24.15-21; Mark 13.14-19)


20 When you see Jerusalem surrounded by soldiers, you will know that it will soon be destroyed. 21 If you are living in Judea at this time, run to the mountains. If you are in the city, leave it. And if you are out in the country, don't go back into the city. 22 t This time of punishment is what is written about in the Scriptures. 23 It will be an awful time for women who are expecting babies or nursing young children! Everywhere in the land people will suffer horribly and be punished.

24 Some of them will be killed by swords. Others will be carried off to foreign countries. Jerusalem will be overrun by foreign nations until their time comes to an end.

When the Son of Man Appears

(Matthew 24.29-31; Mark 13.24-27)


25  t Strange things will happen to the sun, moon, and stars. The nations on earth will be afraid of the roaring sea and tides, and they won't know what to do. 26 People will be so frightened that they will faint because of what is happening to the world. Every power in the sky will be shaken.t 27 t Then the Son of Man will be seen, coming in a cloud with power and great glory.

28 When all of this starts happening, stand up straight and be brave. You will soon be set free.

A Lesson from a Fig Tree

(Matthew 24.32-35; Mark 13.28-31)


29 Then Jesus told them a story:
When you see a fig tree or any other tree
30 putting out leaves, you know that summer will soon come. 31 So, when you see these things happening, you know that God's kingdom will soon be here. 32 You can be sure that some of the people of this generation will still be alive when all of this takes place.

33 The sky and the earth won't last forever, but my words will.

A Warning


34 Don't spend all of your time thinking about eating or drinking or worrying about life. If you do, the final day will suddenly catch you 35 like a trap. This day will surprise everyone on earth.

36 Watch out and keep praying that you can escape all that is going to happen and that the Son of Man will be pleased with you.
37  t Jesus taught in the temple each day, and he spent each night on the Mount of Olives. 38 Everyone got up early and came to the temple to hear him teach.