Lukas 7
Offiseren i Kapernaum
(Matt 8,5–13; Joh 4,46–53)
1 Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum. 2 Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt. 3 Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren. 4 Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han; 5 for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.»
6 Og Jesus gjekk med dei.
Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak; 7 difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att! 8 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.» 9 Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»
10 Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain
11 Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12 Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!» 14 Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!» t 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. t 16 Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.» t
17 Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.Jesus svarar døyparen Johannes
(Matt 11,2–6)
18 Alt dette fekk Johannes høyra om av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg 19 og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» t 20 Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 21 Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og mange blinde gav han synet. 22 Og han svara: «Gå og fortel Johannes om det de har sett og høyrt: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp og evangeliet vert forkynt for fattige; t
23 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg.»Jesus vitnar om Johannes
(Matt 11,7–19)
24 Då bodberarane frå Johannes var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? 25 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann kledd i fine klede? Dei som er fint kledde og lever i overflod, held til i kongsgardane. 26 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet. t
27 Det er om han dette er skrive:t
Sjå, eg sender min bodberar
føre deg,
han skal rydja vegen for deg.
28 Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men jamvel den minste i Guds rike er større enn han. t 29 Alt folket lydde på Johannes, tollarane med, og dei gav Gud rett og lét seg døypa av Johannes. t
30 Men farisearane og dei lovkunnige vraka Guds plan og lét seg ikkje døypa av han.
31 Menneska i denne ætta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like?
32 Dei er like born som sit på torget og ropar til kvarandre:
Vi bles på fløyte for dykk,
men de ville ikkje dansa.
Vi song syrgjesongar,
men de ville ikkje gråta.
33 For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: «Han er forgjord.» 34 Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: «Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! t
35 Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle hans læresveinar.»Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne
36 Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords. 37 No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve 38 og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven. t
39 Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»
40 Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister,» svara han. 41 Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. 42 Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» 43 «Den han ettergav mest, tenkjer eg,» svara Simon. «Du har rett,» sa Jesus. 44 Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt. t 45 Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. t 46 Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve. 47 Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som lite får tilgjeve, elskar lite.» t 48 Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» t 49 Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som jamvel tilgjev synder?» 50 Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå med fred!»t
LUKE 7
Jesus Heals //an Army Officer's Servant
(Matthew 8.5-13; John 4.43-54)
1 After Jesus had finished teaching the people, he went to Capernaum. 2 In this town an army officer's servant was sick and about to die. The officer liked his servant very much.
3 And when he heard about Jesus, he sent some Jewish leaders to ask him to come and heal the servant.
4 The leaders went to Jesus and begged him to do something. They said, “This man deserves your help! 5 He loves our nation and even built us a synagogue.”
6 So Jesus went with them.
When Jesus wasn't far from the house, the officer sent some friends to tell him, “Lord, don't go to any trouble for me! I am not good enough for you to come into my house. 7 And I am certainly not worthy to come to you. Just say the word, and my servant will get well.
8 I have officers who give orders to me, and I have soldiers who take orders from me. I can say to one of them, ‘Go!’ and he goes. I can say to another, ‘Come!’ and he comes. I can say to my servant, ‘Do this!’ and he will do it.”
9 When Jesus heard this, he was so surprised that he turned and said to the crowd following him, “In all of Israel I've never found anyone with this much faith!”
10 The officer's friends returned and found the servant well.A Widow's Son
11 Soon Jesus and his disciples were on their way to the town of Nain, and a big crowd was going along with them.
12 As they came near the gate of the town, they saw people carrying out the body of a widow's only son. Many people from the town were walking along with her.
13 When the Lord saw the woman, he felt sorry for her and said, “Don't cry!”
14 Jesus went over and touched the stretcher on which the people were carrying the dead boy. They stopped, and Jesus said, “Young man, get up!”
15 The boy sat up and began to speak. Jesus then gave him back to his mother.
16 Everyone was frightened and praised God. They said, “A great prophet is here with us! God has come to his people.”
17 News about Jesus spread all over Judea and everywhere else in that part of the country.John the Baptist
(Matthew 11.1-19)
18-19 John's followers told John everything that was being said about Jesus. So he sent two of them to ask the Lord, “Are you the one we should be looking for? Or must we wait for someone else?”
20 When these messengers came to Jesus, they said, “John the Baptist sent us to ask, ‘Are you the one we should be looking for? Or are we supposed to wait for someone else?’ ”
21 At that time Jesus was healing many people who were sick or in pain or were troubled by evil spirits, and he was giving sight to a lot of blind people. 22 t Jesus said to the messengers sent by John, “Go and tell John what you have seen and heard. Blind people are now able to see, and the lame can walk. People who have leprosyt are being healed, and the deaf can now hear. The dead are raised to life, and the poor are hearing the good news.
23 God will bless everyone who doesn't reject me because of what I do.”
24 After John's messengers had gone, Jesus began speaking to the crowds about John:
What kind of person did you go out to the desert to see? Was he like tall grass blown about by the wind? 25 What kind of man did you really go out to see? Was he someone dressed in fine clothes? People who wear expensive clothes and live in luxury are in the king's palace. 26 What then did you go out to see? Was he a prophet? He certainly was! I tell you that he was more than a prophet. 27 t In the Scriptures, God calls John his messenger and says, “I am sending my messenger ahead of you to get things ready for you.”
28 No one ever born on this earth is greater than John. But whoever is least important in God's kingdom is greater than John.
29 t Everyone had been listening to John. Even the tax collectorst had obeyed God and had done what was right by letting John baptize them.
30 But the Pharisees and the experts in the Law of Moses refused to obey God and be baptized by John.
31 Jesus went on to say:
What are you people like? What kind of people are you?
32 You are like children sitting in the market and shouting to each other,
“We played the flute,
but you would not dance!
We sang a funeral song,
but you would not cry!”
33 John the Baptist did not go around eating and drinking, and you said, “John has a demon in him!” 34 But because the Son of Man goes around eating and drinking, you say, “Jesus eats and drinks too much! He is even a friend of tax collectors and sinners.”
35 Yet Wisdom is shown to be right by what its followers do.Simon the Pharisee
36 A Pharisee invited Jesus to have dinner with him. So Jesus went to the Pharisee's home and got ready to eat.t
37 t When a sinful woman in that town found out that Jesus was there, she bought an expensive bottle of perfume.
38 Then she came and stood behind Jesus. She cried and started washing his feet with her tears and drying them with her hair. The woman kissed his feet and poured the perfume on them.
39 The Pharisee who had invited Jesus saw this and said to himself, “If this man really were a prophet, he would know what kind of woman is touching him! He would know that she is a sinner.”
40 Jesus said to the Pharisee, “Simon, I have something to say to you.”
“Teacher, what is it?” Simon replied.
41 Jesus told him, “Two people were in debt to a moneylender. One of them owed him 500 silver coins, and the other owed him 50.
42 Since neither of them could pay him back, the moneylender said that they didn't have to pay him anything. Which one of them will like him more?”
43 Simon answered, “I suppose it would be the one who had owed more and didn't have to pay it back.”
“You are right,” Jesus said.
44 He turned toward the woman and said to Simon, “Have you noticed this woman? When I came into your home, you didn't give me any water so I could wash my feet. But she has washed my feet with her tears and dried them with her hair. 45 You didn't greet me with a kiss, but from the time I came in, she has not stopped kissing my feet. 46 You didn't even pour olive oil on my head, t but she has poured expensive perfume on my feet.
47 So I tell you that all her sins are forgiven, and that is why she has shown great love. But anyone who has been forgiven for only a little will show only a little love.”
48 Then Jesus said to the woman, “Your sins are forgiven.”
49 Some other guests started saying to one another, “Who is this who dares to forgive sins?”
50 But Jesus told the woman, “Because of your faith, you are now saved.t May God give you peace!”