previous next

Markus 16

Jesus står opp

(Matt 28,1–10; Luk 24,1–12; Joh 20,1–10)

1 Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han. 2 Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann. 3 Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?» 4 Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor. 5 Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde, t 6 men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! 7 Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter at han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, som han har sagt dykk.» t

8 Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon; for dei var redde.

Jesus syner seg for læresveinane

(Joh 20,11-18)


9 Då Jesus hadde stått opp att tidleg den fyrste dagen i veka, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut or. t t 10 Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret. 11 Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje. 12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei, medan dei gjekk etter vegen og skulle ut på landet. t

13 Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller.

14 Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp.t

Oppgåva til læresveinane

(Matt 28,18–20; Luk 24,47–48)


15 Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske! t 16 Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd. t 17 Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, t

18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.»t

Jesus vert teken opp til himmelen

(Apg 1,9)


19 Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. t 20 Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med, og han stadfeste Ordet med dei teikn som fylgde med.t

29-jan-2008@09:56, Backup Description=28-jan-2008@09:51, Hans-Olav Mørk -

MARK 16

Jesus Is Alive

(Matthew 28.1-8; Luke 24.1-12; John 20.1-10)

1 After the Sabbath, Mary Magdalene, Salome, and Mary the mother of James bought some spices to put on Jesus' body. 2 Very early on Sunday morning, just as the sun was coming up, they went to the tomb. 3 On their way, they were asking one another, “Who will roll the stone away from the entrance for us?”

4 But when they looked, they saw that the stone had already been rolled away. And it was a huge stone!

5 The women went into the tomb, and on the right side they saw a young man in a white robe sitting there. They were alarmed.
6 The man said, “Don't be alarmed! You are looking for Jesus from Nazareth, who was nailed to a cross. God has raised him to life, and he isn't here. You can see the place where they put his body.

7 t Now go and tell his disciples, and especially Peter, that he will go ahead of you to Galilee. You will see him there, just as he told you.”

8 When the women ran from the tomb, they were confused and shaking all over. They were too afraid to tell anyone what had happened.

ONE OLD ENDING TO MARK'S GOSPEL

Jesus Appears to Mary Magdalene

(Matthew 28.9,10; John 20.11-18)


9 Very early on the first day of the week, after Jesus had risen to life, he appeared to Mary Magdalene. Earlier he had forced seven demons out of her. 10 She left and told his friends, who were crying and mourning.

11 Even though they heard that Jesus was alive and that Mary had seen him, they still would not believe it.

Jesus Appears to Two Disciples

(Luke 24.13-35)


12 Later, Jesus appeared in another form to two disciples, as they were on their way out of the city.

13 But when these disciples told what had happened, the others would not believe either.

What Jesus' Followers Must Do

(Matthew 28.16-20; Luke 24.36-49; John 20.19-23; Acts 1.6-8)


14 Afterwards, Jesus appeared to his eleven disciples as they were eating. He scolded them because they were too stubborn to believe the ones who had seen him after he had been raised to life.

15 t Then he told them:
Go and preach the good news to everyone in the world.
16 Anyone who believes me and is baptized will be saved. But anyone who refuses to believe me will be condemned. 17 Everyone who believes me will be able to do wonderful things. By using my name they will force out demons, and they will speak new languages.

18 They will handle snakes and will drink poison and not be hurt. They will also heal sick people by placing their hands on them.

Jesus Returns to Heaven

(Luke 24.50-53; Acts 1.9-11)


19  t After the Lord Jesus had said these things to the disciples, he was taken back up to heaven where he sat down at the right sidet of God.

20 Then the disciples left and preached everywhere. The Lord was with them, and the miracles they worked proved that their message was true.

ANOTHER OLD ENDING TO MARK'S GOSPEL


9-10 The women quickly told Peter and his friends what had happened. Later, Jesus sent the disciples to the east and to the west with his sacred and everlasting message of how people can be saved forever.