Matteus 18
Kven er den største?
(Mark 9,33–37; Luk 9,46–48)
1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» t 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei
3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. t
4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.Forføringar og freistingar
(Mark 9,37.42–48; Luk 9,48; 17,1–2)
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. t 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. t
7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. t
9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. t
11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.tSauen som villa seg bort
(Luk 15,3–7)
12 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? t 13 Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort.
14 Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.tKyrkjelyden har ansvar for ein bror som syndar
(Luk 17,3)
15 Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. t 16 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast. t
17 Høyrer han ikkje på dei, så sei det til kyrkjelyden. Men vil han ikkje høyra på kyrkjelyden heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.t
18 Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. t 19 Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen. t
20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.tDen hardhjarta tenaren
21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?» t
22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24 Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. 25 Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast. 26 Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman.
27 Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.t
28 Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig! 29 Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det.
30 Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.
31 Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop. 32 Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. 33 Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg?
34 Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda.t
35 Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.»t
MATTHEW 18
Who Is the Greatest?
(Mark 9.33-37; Luke 9.46-48)
1 t About this time the disciples came to Jesus and asked him who would be the greatest in the kingdom of heaven. 2 Jesus called for a child to come over and stand near him.
3 t Then he said:
I promise you this. If you don't change and become like a child, you will never get into the kingdom of heaven. 4 But if you are as humble as this child, you are the greatest in the kingdom of heaven.
5 And when you welcome one of these children because of me, you welcome me.Temptations To Sin
(Mark 9.42-48; Luke 17.1,2)
6 It will be terrible for people who cause even one of my little followers to sin. Those people would be better off thrown into the deepest part of the ocean with a heavy stone tied around their necks!
7 The world is in for trouble because of the way it causes people to sin. There will always be something to cause people to sin, but anyone who does this will be in for trouble.
8 t If your hand or foot causes you to sin, chop it off and throw it away! You would be better off to go into life paralyzed or lame than to have two hands or two feet and be thrown into the fire that never goes out.
9 t If your eye causes you to sin, poke it out and get rid of it. You would be better off to go into life with only one eye than to have two eyes and be thrown into the fires of hell.The Lost Sheep
(Luke 15.3-7)
10-11 t Don't be cruel to any of these little ones! I promise you their angels are always with my Father in heaven.t 12 Let me ask you this. What would you do if you had 100 sheep and one of them wandered off? Wouldn't you leave the 99 on the hillside and go look for the one that had wandered away? 13 I am sure that finding it would make you happier than having the 99 that never wandered off.
14 That's how it is with your Father in heaven. He doesn't want any of these little ones to be lost.When Someone Sins
(Luke 17.3)
15 t If one of my followerst sins against you, go and point out what was wrong. But do it in private, just between the two of you. If that person listens, you have won back a follower. 16 t But if that one refuses to listen, take along one or two others. The Scriptures teach that every complaint must be proven true by two or more witnesses.
17 If the follower refuses to listen to them, report the matter to the church. Anyone who refuses to listen to the church must be treated like an unbeliever or a tax collector.tAllowing and Not Allowing
18 t I promise you God in heaven will allow whatever you allow on earth, but God will not allow anything you don't allow. 19 I promise that when any two of you on earth agree about something you are praying for, my Father in heaven will do it for you.
20 Whenever two or three of you come together in my name, t I am there with you.An Official //Who Refused To Forgive
21 t Peter came up to the Lord and asked, “How many times should I forgive someonet who does something wrong to me? Is seven times enough?”
22 t Jesus answered:
Not just 7 times, but 77 times!t
23 This story will show you what the kingdom of heaven is like:
One day a king decided to call in his officials and ask them to give an account of what they owed him. 24 As he was doing this, one official was brought in who owed him 50,000,000 silver coins.
25 But he didn't have any money to pay what he owed. The king ordered him to be sold, along with his wife and children and all he owned, in order to pay the debt.
26 The official got down on his knees and began begging, “Have pity on me, and I will pay you every cent I owe!”
27 The king felt sorry for him and let him go free. He even told the official that he did not have to pay back the money.
28 But as this official was leaving, he happened to meet another official, who owed him 100 silver coins. So he grabbed the man by the throat. He started choking him and said, “Pay me what you owe!”
29 The man got down on his knees and began begging, “Have pity on me, and I will pay you back.”
30 But the first official refused to have pity. Instead, he went and had the other official put in jail until he could pay what he owed.
31 When some other officials found out what had happened, they felt sorry for the man who had been put in jail. Then they told the king what had happened. 32 The king called the first official back in and said, “You're an evil man! When you begged for mercy, I said you did not have to pay back a cent. 33 Don't you think you should show pity to someone else, as I did to you?” 34 The king was so angry that he ordered the official to be tortured until he could pay back everything he owed. 35 That is how my Father in heaven will treat you, if you don't forgive each of my followers with all your heart.