previous next

Matteus 24

Jesus talar om tidene som skal koma

(Kap. 24–25)

Tempelet skal øydeleggjast

(Mark 13,1–2; Luk 21,5–6)

1 Så gjekk Jesus bort frå tempelet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.

2 t Men han sa: «Ja, ser de alt dette? Sanneleg, eg seier dykk: Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»

Trengselstida tek til

(Mark 13,3–13; Luk 21,7–19)


3 Då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, kom dei til han og spurde: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og enden på verda?»
4 Jesus tok til orde og sa: «Ta dykk i akt så ingen fører dykk vill! 5 t For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Eg er Messias.’ Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skremma! For dette må henda, men enno er ikkje enden komen. 7 t Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv på stad etter stad.

8 Men alt dette er berre byrjinga på fødselsriene.
9  t Då skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 t Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vill. 12 t Og fordi lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hos dei fleste. 13 t Men den som held ut til enden, skal bli frelst.

14 t Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma.

Den store trengsla

(Mark 13,14–23; Luk 21,20–24)


15  t Når de då ser at det motbydelege som øydelegg, som profeten Daniel har tala om, står på heilag stad – lat den som les opp, tyda det! 16 – då må dei som er i Judea, rømma til fjells; 17 tt den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat! 21 t For då skal det koma ei trengselstid så stor som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri skal bli.

22 Og vart ikkje desse dagane avkorta, kom ikkje noko menneske til å bli frelst. Men for dei utvalde skuld skal desse dagane gjerast kortare.

Når Menneskesonen kjem

(Mark 13,24–27; Luk 17,23–24; 21,25–28)


23  t Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Der er han’, så tru det ikkje! 24 t For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd. 25 Merk dykk at eg har sagt det på førehand! 26 Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje. 27 Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

28 t Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29  t Så snart denne trengselstida er over, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka. 30 t Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folkeslag på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.

31 t Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.

Lær av fikentreet

(Mark 13,28–32; Luk 21,29–33)


32  t Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette. 34 t Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 t Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

36 t Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

Vak

(Luk 17,26–27.34–35; 12,39–46)


37  t Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 t og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.

41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.
42  t Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 t Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.

44 Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45 Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid? 46 Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! 47 t Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. 48 Men set at det er ein dårleg tenar som seier til seg sjølv: ‘Herren min dryger nok lenge enno’, 49 og så tek til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51 t og hogga han ned og la han få dela lagnad med hyklarane. Der skal dei gråta og skjera tenner.

MATTHEW 24

The Temple Will Be Destroyed

(Mark 13.1,2; Luke 21.5,6)

1 After Jesus left the temple, his disciples came over and said, “Look at all these buildings!”

2 Jesus replied, “Do you see these buildings? They will certainly be torn down! Not one stone will be left in place.”

Warning about Trouble

(Mark 13.3-13; Luke 21.7-19)


3  t Later, as Jesus was sitting on the Mount of Olives, his disciples came to him in private and asked, “When will this happen? What will be the sign of your coming and of the end of the world?”

4 Jesus answered:
Don't let anyone fool you.

5 Many will come and claim to be me. They will say they are the Messiah, and they will fool many people.
6 You will soon hear about wars and threats of wars, but don't be afraid. These things will have to happen first, but that isn't the end. 7 t Nations and kingdoms will go to war against each other. People will starve to death, and in some places there will be earthquakes.

8 But this is just the beginning of troubles.
9  t You will be arrested, punished, and even killed. Because of me, you will be hated by people of all nations. 10 Many will give up and will betray and hate each other. 11 Many false prophets will come and fool a lot of people. 12 Evil will spread and cause many people to stop loving others. 13 t But if you keep on being faithful right to the end, you will be saved.

14 When the good news about the kingdom has been preached all over the world and told to all nations, the end will come.

The Horrible Thing

(Mark 13.14-23; Luke 21.20-24)


15  t Someday you will see that “Horrible Thing” in the holy place, just as the prophet Daniel said. Everyone who reads this must try to understand! 16 If you are living in Judea at that time, run to the mountains. 17 t If you are on the rooft of your house, don't go inside to get anything. 18 If you are out in the field, don't go back for your coat. 19 It will be a terrible time for women who are expecting babies or nursing young children. 20 And pray that you won't have to escape in winter or on a Sabbath.t 21 t This will be the worst time of suffering since the beginning of the world, and nothing this terrible will ever happen again.

22 If God doesn't make the time shorter, no one will be left alive. But because of God's chosen ones, he will make the time shorter.
23 Someone may say, “Here is the Messiah!” or “There he is!” But don't believe it. 24 False messiahs and false prophets will come and work great miracles and signs. They will even try to fool God's chosen ones. 25 But I have warned you ahead of time. 26 t If you are told the Messiah is out in the desert, don't go there! And if you are told he is in some secret place, don't believe it! 27 The coming of the Son of Man will be like lightning that can be seen from east to west.

28 t Where there is a corpse, there will always be vultures.t

When the Son of Man //Appears

(Mark 13.24-27; Luke 21.25-28)


29  t Right after those days of suffering,
“The sun will become dark,
and the moon
will no longer shine.
The stars will fall,
and the powers in the skyt
will be shaken.”
30  t Then a sign will appear in the sky. And there will be the Son of Man.t All nations on earth will weep when they see the Son of Man coming on the clouds of heaven with power and great glory.

31 At the sound of a loud trumpet, he will send his angels to bring his chosen ones together from all over the earth.

A Lesson from a Fig Tree

(Mark 13.28-31; Luke 21.29-33)


32 Learn a lesson from a fig tree. When its branches sprout and start putting out leaves, you know summer is near. 33 So when you see all these things happening, you will know the time has almost come.t 34 I can promise you that some of the people of this generation will still be alive when all this happens.

35 The sky and the earth won't last forever, but my words will.

No One Knows the Day //or Time

(Mark 13.32-37; Luke 17.26-30,34-36)


36 No one knows the day or hour. The angels in heaven don't know, and the Son himself doesn't know.t Only the Father knows. 37 t When the Son of Man appears, things will be just as they were when Noah lived. 38 People were eating, drinking, and getting married right up to the day the flood came and Noah went into the big boat.

39 t They didn't know anything was happening until the flood came and swept them all away. This is how it will be when the Son of Man appears.
40 Two men will be in the same field, but only one will be taken. The other will be left. 41 Two women will be together grinding grain, but only one will be taken. The other will be left. 42 So be on your guard! You don't know when your Lord will come. 43 t Homeowners never know when a thief is coming, and they are always on guard to keep one from breaking in.

44 Always be ready! You don't know when the Son of Man will come.

Faithful and Unfaithful Servants

(Luke 12.35-48)


45 Who are faithful and wise servants? Who are the ones the master will put in charge of giving the other servants their food supplies at the proper time? 46 Servants are fortunate if their master comes and finds them doing their job. 47 You may be sure a servant who is always faithful will be put in charge of everything the master owns. 48 But suppose one of the servants thinks the master won't return until late. 49 Suppose this evil servant starts beating the other servants and eats and drinks with people who are drunk. 50 If that happens, the master will surely come on a day and at a time when the servant least expects him. 51 This servant will then be punished and thrown out with the ones who only pretended to serve their master. There they will cry and grit their teeth in pain.