Matteus 7
Døm ikkje!
(Luk 6,37–38. 41–42)
1 Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! t
2 For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.t
3 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? 4 Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige?
5 Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.tBed, så skal de få!
(Luk 11,9–13)
7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. t
8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk?
11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!Den gylne regel
(Luk 6,31)
12 Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane.tDei to vegane
(Luk 13,23–24)
13 Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. t
14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.tDei falske profetane
15 Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. t 16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? t 17 Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. 19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. t
20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.Falske læresveinar
(Luk 6,46; 13,26–27)
21 Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. t 22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?
23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!tHuset bygt på fjell
(Luk 6,47–49)
24 Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. t
25 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
26 Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand.
27 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.t
28 Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. t 29 For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.t
MATTHEW 7
Judging Others
(Luke 6.37,38,41,42)
1 Don't condemn others, and God won't condemn you.
2 t God will be as hard on you as you are on others! He will treat you exactly as you treat them.
3 You can see the speck in your friend's eye, but you don't notice the log in your own eye. 4 How can you say, “My friend, let me take the speck out of your eye,” when you don't see the log in your own eye?
5 You're nothing but show-offs! First, take the log out of your own eye; then you can see how to take the speck out of your friend's eye.
6 Don't give to dogs what belongs to God. They will only turn and attack you. Don't throw pearls down in front of pigs. They will trample all over them.Ask, Search, Knock
(Luke 11.9-13)
7 t Ask, and you will receive. Search, and you will find. Knock, and the door will be opened for you.
8 Everyone who asks will receive. Everyone who searches will find. And the door will be opened for everyone who knocks.
9 Would any of you give your hungry child a stone, if the child asked for some bread? 10 Would you give your child a snake if the child asked for a fish?
11 As bad as you are, you still know how to give good gifts to your children. But your heavenly Father is even more ready to give good things to people who ask.
12 t Treat others as you want them to treat you. This is what the Law and the Prophetst are all about.The Narrow Gate
(Luke 13.24)
13 t Go in through the narrow gate. The gate to destruction is wide, and the road that leads there is easy to follow. A lot of people go through that gate.
14 But the gate to life is very narrow. The road that leads there is so hard to follow that only a few people find it.A Tree and Its Fruit
(Luke 6.43-45)
15 Watch out for false prophets! They dress up like sheep, but inside they are wolves who have come to attack you. 16 t You can tell what they are by what they do. No one picks grapes or figs from thornbushes. 17 A good tree produces good fruit, and a bad tree produces bad fruit. 18 A good tree cannot produce bad fruit, and a bad tree cannot produce good fruit. 19 t Every tree producing bad fruit will be chopped down and burned.
20 t You can tell who the false prophets are by their deeds.A Warning
(Luke 13.26,27)
21 Not everyone who calls me their Lord will get into the kingdom of heaven. Only the ones who obey my Father in heaven will get in. 22 On the day of judgment many will call me their Lord. They will say, “We preached in your name, and in your name we forced out demons and worked many miracles.”
23 t But I will tell them, “I will have nothing to do with you! Get out of my sight, you evil people!”Two Builders
(Luke 6.47-49)
24 Anyone who hears and obeys these teachings of mine is like a wise person who built a house on solid rock.
25 Rain poured down, rivers flooded, and winds beat against that house. But it was built on solid rock, and so it did not fall.
26 Anyone who hears my teachings and doesn't obey them is like a foolish person who built a house on sand.
27 Rain poured down, rivers flooded, and the winds blew and beat against that house. Finally, it fell with a crash.
28 t When Jesus finished speaking, the crowds were surprised at his teaching. 29 He taught them like someone with authority, and not like their teachers of the Law of Moses.